Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ første brev til korintarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Guds medarbeidarar og Guds bygning
3Likevel, sysken, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Nei, eg måtte tala til menneske styrte av kjøt og blod, som til spedborn i Kristus.  2 Mjølk gav eg dykk å drikka og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno,  3 for framleis er det berre kjøt og blod som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då styrte av kjøtet og går fram på same måten som alle andre menneske?  4 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
   
 5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til:  6 Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst.  7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst.  8 Den som plantar og den som vatnar, er eitt, men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.  9 For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
   
10 Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister, og andre byggjer oppå. Men kvar einskild må vera nøye med korleis han byggjer. 11 For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus. 12 Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv eller dyre steinar, med tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong visa seg kva slag arbeid kvar einskild har gjort. Herrens dag skal gjera det klårt, for den dagen blir openberra med eld, og elden skal prøva det kvar einskild har gjort. 14 Om det byggverket nokon har reist, blir ståande, skal han få si løn; 15 om det brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han bli frelst, men berre som gjennom eld. 16 Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk? 17 Om nokon øydelegg Guds tempel, skal Gud øydeleggja han. For Guds tempel er heilagt, og dette tempelet er de.
   
18 Ingen må narra seg sjølv! Om nokon av dykk meiner seg å vera vis i denne verda, lat han då bli ein dåre, så han kan bli verkeleg vis. 19 For visdomen i denne verda er dårskap i Guds auge. For det står skrive:
           Han fangar dei vise i deira list,
20 og ein annan stad:
           Herren kjenner tankane til dei vise,
           han veit at dei er tomme.
21 Difor må ingen skryta av å vera tilhengjar av menneske. For alt høyrer dykk til, 22 anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, livet eller døden, det som no er, eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til, 23 men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

16. august 2022

Dagens bibelord

Romarane 9,1–5

Les i nettbibelen

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. ... Vis hele teksten

1Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande. 2Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet. 3For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg. 4Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira. 5Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen.