1 Den dagen skal sju kvinner
gripa tak i same mann og seia:
«Brød og klede skal vi skaffa oss sjølve,
berre vi får bera ditt namn.
Ta vår vanære bort!»
Sions framtid
2 Den dagen skal Herrens spire
bli til herlegdom og ære
og frukta i landet til stordom og heider
for dei som slapp unna i Israel.
3 Resten som er på Sion,
og som er att i Jerusalem,
skal kallast heilag,
kvar og ein i Jerusalem som er oppskriven til livet.
4 Herren skal vaska skiten av Sions døtrer
og skylja bort alt blodet frå Jerusalem
med Anden som dømmer,
med Anden som reinsar.
5 Så skal Herren skapa
ei røyksky om dagen
og røyk og lys frå ein flammande eld om natta
over heile Sion-fjellet
og over møtestadene der.
For over all herlegdom skal det vera eit vern,
6 ei lauvhytte som skyggjer for heten om dagen
og gjev livd og skjul mot uvêr og regn.