Gå til forsiden

Salmane

102 

1 Ei bøn for den hjelpelause når han veiknar og vil ausa ut si klage for Herren.


2  Herre, høyr mi bøn,

lat mitt rop nå fram til deg!

3 Løyn ikkje andletet når eg er i naud.

Vend øyret til meg,

skund deg, svar når eg ropar!


4 For dagane mine kverv som røyk,

knoklane brenn som eld.

5 Hjartet er som gras, solsvidd og visna,

eg har gløymt å eta mitt brød.

6 Eg sukkar og stønnar,

eg er berre skinn og bein.


7 Eg liknar pelikanen i ørkenen,

eg er som ei ugle blant ruinar.

8 Eg ligg vaken,

eg er som ein einsleg fugl på taket.

9 Fienden spottar meg heile dagen.

Dei som gjer narr av meg,

bruker namnet mitt til forbanning.


10 Eg et oske som brød

og blandar drikken min med tårer,

11 for du er harm og vreid på meg.

Du tok meg og kasta meg bort.

12 Dagane mine er på hell, skuggane blir lange,

eg visnar bort som gras.


13 Men du, Herre, tronar til evig tid,

namnet ditt varer frå slekt til slekt.

14 Du vil reisa deg og vera mild mot Sion,

det er tid for å visa henne nåde,

timen er komen.

15 Tenarane dine elskar steinane i Sion,

dei lid med henne som ligg i grus.


16 Folkeslag skal frykta Herrens namn,

alle kongane på jorda din herlegdom.

17 For Herren vil byggja opp att Sion

og syna seg i sin herlegdom.

18 Han lyttar når den nakne bed,

han foraktar ikkje deira bøn.


19 Dette skal skrivast ned for den komande slekt,

eit nyskapt folk skal prisa Herren.

20 Han ser ned frå si heilage høgd.

Frå himmelen ser Herren mot jorda

21 for å høyra sukket frå fangane,

løysa dei som var dømde til døden.

22  Herrens namn skal forkynnast i Sion,

hans lov og pris i Jerusalem

23 når folk og kongerike samlar seg

for å tena Herren.


24 Han har brote ned min styrke på vegen

og forkorta livet mitt.

25 Eg seier: Min Gud, ta meg ikkje bort midt i livet!

Dine år varer i slekt etter slekt.

26 Du grunnla jorda i gammal tid,

himmelen er eit verk av dine hender.

27 Dei skal gå til grunne, men du blir verande.

Dei blir slitne ut som klede,

du skifter dei ut, og dei er borte.

28 Men du er den same,

åra dine tek aldri slutt.

29 Borna til tenarane dine skal slå seg til ro,

deira ætt skal vera grunnfest for ditt andlet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.