Gå til forsiden

Salmane

116 

1 Eg elskar Herren,

for han høyrde mitt rop om nåde.

2 Han vende øyret til meg,

eg vil kalla på han alle mine dagar.


3 Dødens band snørte seg om meg,

redsler frå dødsriket nådde meg,

eg fann berre naud og sorg.

4 Då kalla eg på Herrens namn:

«Å, Herre, berg livet mitt!»


5  Herren er nådig og rettferdig,

vår Gud er mild.

6  Herren vaktar dei uvitande,

han kom meg til hjelp då eg var langt nede.


7 Kom til ro att, mi sjel,

Herren har svara deg!

8 Ja, du har fria mitt liv frå døden,

auget frå tårer og foten frå å snubla.

9 Eg skal ferdast for Herrens andlet

i landet til dei levande.


10 Eg trudde, også då eg sa:

«Eg er hardt plaga.»

11 Eg sa i min angst:

«Alle menneske lyg.»


12 Kva kan eg gje Herren att

for alt det gode han gjer?

13 Eg lyfter frelses beger

og kallar på Herrens namn.

14 Eg oppfyller mine lovnader til Herren

framfor heile hans folk.


15 Det kostar Herren mykje

at hans trugne døyr.

16 Å, Herre, eg er din tenar,

ein tenar og son til di tenestekvinne.

Du har løyst mine lenkjer.


17 Eg slaktar takkoffer til deg

og kallar på Herrens namn.

18 Eg oppfyller mine lovnader til Herren

framfor heile hans folk,

19 i føregardane til Herrens hus,

midt inne i deg, Jerusalem.

Halleluja!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.