Gå til forsiden

Tobit

14 

1 Med desse orda enda Tobit si lovprising.

Han døydde i fred, 112 år gammal, og han vart gravlagd med ære i Ninive. 2  Han var 62 år då auga hans vart skadde. Etter at han kunne sjå att, hadde han eit godt liv og gjorde velgjerningar. Og han heldt fram med å velsigna Gud og lovprisa Guds majestet.

Tobits siste ord

3 Då Tobit låg for døden, kalla han til seg Tobias, son sin, formana han og sa:

«Barn, ta borna dine 4 og skund deg til Media. For eg trur på Guds ord om Ninive, som profeten Nahum tala, at alt skal skje, og at det vil råka Assur og Ninive. Alt som Israels profetar tala, dei som Gud sende, alt dette skal henda. Ikkje noko av alt dei har sagt, skal mista si kraft; alt skal henda til fastsett tid. Men i Media skal det finnast berging, der og ikkje i Assyria eller Babylon. For eg veit og eg trur at alt Gud har sagt, skal oppfyllast og henda; ikkje eitt av orda vil slå feil.

Brørne våre som bur på Israels jord, skal alle spreiast omkring, og dei skal bli førte som krigsfangar bort frå det gode landet, og Israels land skal liggja audt. Samaria og Jerusalem skal leggjast aude, og Guds hus skal vera i sorg og liggja nedbrunne fram til tida er inne.

5  Men Gud skal igjen syna dei miskunn og føra dei attende til Israels land. Igjen skal dei byggja huset – men det blir ikkje som det første – og det skal bli ståande til dei tidene kjem då den fastsette tida er oppfylt. Då skal dei alle venda attende frå fangenskapet sitt, og dei skal byggja Jerusalem på verdig vis, og Guds hus skal byggjast der, slik Israels profetar tala om byen. 6  Alle folkeslag på heile jorda, alle skal dei venda om og i sanning frykta Gud. Alle skal forlata avgudsbileta sine, som førte dei vill med løgn og villfaring. 7  Og dei skal velsigna den evige Gud i rettferd. Alle israelittar som blir frelste i dei dagane, dei som hugsar på Gud i sanning, skal samlast og koma til Jerusalem. Dei skal til evig tid bu trygt i Abrahams land, og det skal overgjevast til dei. Dei som elskar Gud i sanning, skal gleda seg, og dei som gjer synd og urett, skal bli borte frå heile jorda. Og no, born, pålegg eg dykk: Ten Gud i sanning og gjer det som er etter hans gode vilje. De skal påleggja borna dykkar å gjera rettferd og miskunn og å hugsa på Gud. Dei skal velsigna namnet hans til kvar tid, i sanning og av all si kraft.

Og no skal du, barn, gå ut frå Ninive, bli ikkje verande her! 10 For den dagen du gravlegg mor di ved sida av meg, den dagen må du ikkje eingong bli natta over innanfor desse bygrensene. For eg ser at folket i byen gjer mykje urett og at det hender mange svik utan at nokon kjenner skam. Sjå, barn, kva Nadab gjorde mot Ahikar, som hadde fostra han. Vart ikkje Ahikar ført levande ned i jorda? Men Gud lét vanæra koma over andletet til Nadab. Ahikar gjekk ut til lyset, medan Nadab gjekk inn i det evige mørkret, sidan han søkte å drepa Ahikar. Fordi Ahikar gjorde velgjerningar, slapp han ut or dødsfella som Nadab hadde lagt for han. Nadab fall sjølv i dødsfella, og han vart øydelagd.

11  No, born, ser de kva miskunna fører til og kva uretten fører til, for han drep. Og sjå, no forlèt sjela meg.»

Dei la Tobit på senga, og han døydde. Han vart gravlagd på ærefullt vis. 12  Og då mora døydde, gravla Tobias henne ved sida av faren. Tobias drog saman med kona si til Media og busette seg i Ekbatana hos Raguel, svigerfar sin.

Dei siste leveåra til Tobias

13  Tobias såg til svigerforeldra sine på verdig vis og gravla dei i Ekbatana i Media. Så arva Tobias husa til Tobit og Raguel. 14 Tobias døydde då han var 117 år, høgt akta. 15 Før han døydde, fekk han sjå og høyra at Ninive vart øydelagd, og han fekk oppleva at innbyggjarane vart førte som fangar til Media av medarkongen Ahiaharos. Og Tobias velsigna Gud for alt han hadde gjort mot innbyggjarane i Ninive og Assur. Før han døydde, fekk han gleda seg over at Ninive fall, og han velsigna Herren Gud, som er frå æve til æve.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.