Nena lærte heile familien å be

Med støtte frå Det serbiske bibelselskapet blir det kvar veke halde kurs for barn frå romfamiliar i to nabolag i byen Leskovac, sør i landet.

Nena, ei ung jente, blar i barnebibelen sin.
Nena med sin barnebibel

– Foreldra til dei fleste av barna på skulen vår er ikkje kristne. I denne delen av landet har mange ein muslimsk bakgrunn, og mellom dei som har flykta frå Kosovo, er mest alle muslimar – sjølv om dei færraste av dei er praktiserande, fortel Vera Mitic, som er generalsekretær i Det serbiske bibelselskapet.

Misha Bakić er lærar for ei av barnegruppene i Lescovac, og han fortel at ei av dei viktigaste oppgåvene hans er å lære barna korleis dei skal be. Då er ofte Fadervår, Herrens bøn, ein fin inngang.

– Ein dag snakka vi om korleis Jesus lærte læresveinane sine å be, fortel han.

Ei ni år gamal jente, Nena, blei veldig inspirert av det ho høyrde og fortalde at ho gjerne ville oppmuntre foreldra sine til å be.

– Nena spurde meg: «Kva skal vi be om?» Eg foreslo at ho skulle takka Gud for det ho har og be Gud om det ho trong», fortel Misha.

Nena drog heim, og då det var tid for middag, var heile familien samla rundt bordet. Like før dei byrja å ete, spurde Nena: «Kan vi be før vi et?» Foreldra såg på kvarandre og visste ikkje kva dei skulle seie. Faren hennar foreslo: «Nena, du går på den kristne skulen, så du bør be for oss.»

«Nena, du går på den kristne skulen, så du bør be for oss.»

-

Nena bad: «Takk, Jesus, for denne maten, ver så snill å gjere mora mi frisk frå sjukdommen hennar og hjelp faren min med å finne ein jobb. Amen!»

Foreldra blei overraska og rørt av Nena si bøn.

– Då Nena delte denne opplevinga med meg, sa eg til henne: «Nena, bøna di var leia av Herrens Ånd!»

– No har eg fått høyre at kvar gong Nenas familie et saman, har dei alltid ei bøn først. Litt etter litt har dei alle lært korleis dei skal be, seier Misha.


Misha Bakić, ein smilande og engasjert mann i 20-åra, sit ved kontorpulten sin.

Misha Bakić (bilde) leiar Bibelselskapets arbeid for rom-barn i Lescovac. Byen har ein stor romanispråkleg minoritet (sigøynarar). Den største kyrkja deira er òg i denne byen, som ligg sør i landet, ikkje langt frå grensa til Kosovo.

Lescovac hadde tidlegare mange tekstil-fabrikkar, men heile industrien har kollapsa. Det er høg arbeidsløyse, ikkje berre blant rom-folket, men også mellom serbarane. Sigøynarane utgjer heile 10 prosent av dei 90 000 innbyggjarane i denne byen.