Bibelen for første gong på bissa

Når ein ikkje tidlegare har lese Bibelen på sitt eige språk, er det ofte naudsynt med leseopplæring. Bli med på bibelsk lesekurs for Bissa-folket!

Leseopplæringskurs i Burkina Faso
Leseopplæringskurs i Burkina Faso

Folkegruppa Bissa heldt til heilt sør i det sentralafrikanske landet Burkina Faso, på grensa mot Togo og Ghana. Takka vere gåver frå internasjonale bibelvener, vil dette folket frå neste år ha full tilgang til Bibelen for første gong. Det vil forandre livet til heile samfunnet.

Også på lyélé

I fjor bidrog norske bibelvenner til trykking av 3500 biblar på lyélé, som er bissa-folkets naboar i vest.

– Bibelomsetjinga har bidrege til å halde kulturen og språket vårt i live, og han har motivert til at folk no skriv songar på lyélé. No høyrer eg jamleg musikken frå lands-byen min på TV, seier Maxime Bakiono som elles snakkar perfekt fransk.

Til liks med han får hundretusenvis av menneske i Vest-Afrika kjenne verknaden av Guds ord når Bibelen blir omsett til deira eige språk.

Hjartespråket

Nyleg samla kyrkjelege leiarar seg i byen Zabré for å studere den nye Bissa-bibelen før han blir gitt ut.

Fransk er offisielt språk i Burkina Faso, og Mooré er det viktigaste talte språket, og snakkast av over halvparten av befolkninga. I dette området er det likevel bissa som er hjartespråket både til folket, dei kyrkjelege leiarane og heile samfunnet, men så langt har dei ikkje kunna bruke sitt eige språk i gudstenesta.

Pastor Lenga Joël, som er leiar for fleire lokale kyrkjelydar, deltok på leseopplæringskurset. Han var glad og letta over at folket no endeleg hadde fått løfte om å få Guds ord på sitt eige språk.

– Hittil har vi som oftast preika på Mooré fordi vi berre kunne lese Bibelen på det språket. Derfor gler vi oss stort over at vi no kan forkynne og lese Bibelen direkte på bissa utan tolking, seier han.

Lære sitt eige språk

I løpet av fem dagar blei kyrkjelege leiarar frå fleire trussamfunn i regionen kjent med Bissa-alfabetet og teologisk terminologi som blir brukt i den nye Bibelen, og som tidlegare berre var tilgjengeleg på andre språk.

Sjølv om bissa er hjartespråket for så mange menneske, er det eit marginalisert språk når det gjeld lesing og skriving. Då Bibelen for første gongen blei omsett til norsk for over hundre år sidan, hadde det alt å seie for statusen til vårt eige språk. På same måten vil også Bissa-bibelen auke statusen til språket og språkbrukarane.

Isabelle Yigo, ein annan kyrkjeleg leiar, påpeikar at å ha Bibelen på bissa vil utgjere ein stor forskjell for kvinner.

– Denne opplæringa vekte lyst og vilje til å lese på mitt eige morsmål, seier ho.

– Eg oppdaga termar og ord på bissa som eg ikkje kjende til, og fekk innsikt i den store rikdommen i språket mitt, som dessverre er ukjent for mange bissa-folk.

Pastor Yabré Daniel fekk også ei kjensle av å ha gjenoppdaga sitt eige språk.

– Eg visste ikkje at bissa-språket var så rikt, seier han.

– Eg oppdaga ord på bissa som ikkje finst på fransk. Med det eg har lært, kan eg enkelt både lese og skrive på morsmålet mitt. Og no har eg også teologiske omgrep til å kunne preike direkte på bissa utan tolking i kyrkja.

Store behov

Internasjonale støttespelarar har i mange år gitt pengar, ressursar og oppmuntring til omsetjingsteamet.

– Eg takkar Gud som har gjort alt dette mogleg, seier pastor Yabré.

– Takk også til støttespelarane våre i Bibelselskapet.

Afrika rommar om lag ein tredel av språka i verda, og det blir anslått at det over heile kontinentet er ein stad mellom 1000 og 2000 språk. Mange kan enno ikkje høyre, lese eller forkynne på sitt eige hjartespråk.