Ein barndomsdraum blir oppfylt

Som barn drøymde ho om Bibelen. I dag blir draumane frå barndomen oppfylt, seier Daili Govas Matos. No er ho med på å gje folket i Havanna Guds ord gjennom prosjektet «Bibelkorger».

Tro smilende, litt middelaldrende cubanske kvinner, Damaris Linares Masora (t.v.), Lilian Micado Morejun og Daili Govas Matos (t.h.)
Damaris Linares Masora (t.v.), Lilian Micado Morejun og Daili Govas Matos (t.h.)

– Halleluja, dette betyr så mykje – dette er livet, seier Daili Govas Matos.

Ho og femti andre leiarar i kyrkjene i Havanna er med på inspirasjonssamling i prosjektet «Bibelkorger». I dette prosjektet deler kyrkjene i byen ut pakker med biblar til familiar i sentrum – familiar som ein tenkjer kan bli utgangspunktet for ei ny huskyrkje i bydelen.

For Daili er dette oppfyllinga av ein draum som ho hadde alt i barndomen: I draumen fekk ho sjå ein bibel, men ho forstod ikkje kvifor ho drøymde slik. I dag forstår ho kva draumen skulle tyde, for no er ho med og spreier Guds ord i bydelen sin i gamle Havanna.

– Dagen i dag er ei stor velsigning for meg. No forstår eg kvifor Gud viste meg Bibelen i draumar!

– No forstår eg

Auga til Daili strålar medan ho fortel.

– Då eg var barn, hadde eg ingen kunnskap om kristendomen. Så eg forstod ikkje meininga med draumane. Men no då eg kjenner Kristus, forstår eg at det han viste meg, var sitt eige Ord. Og eg veit at han viste meg Bibelen for at eg skulle gjera nettopp dette: Eg skulle vera med og gje folk Guds ord. Han har gjeve meg kraft til å vera med og spreie Ordet.

Daili voks ikkje opp i ein kristen familie, og det er berre seks år sidan ho kom til tru på Jesus. Likevel drøymde ho om Bibelen som barn.

– Kor gammal var du da du drøymde dette?

– Eg var sju, ti og tolv år – dette skjedde fleire gonger. Eg såg berre Bibelen; det var ei openberring – og eg såg ikkje kven det var som synte meg den. Men no veit eg det.

Daili Govas Matos

«Gud har gjeve meg kraft til å vera med og spreie Ordet!»

Daili Govas Matos -

– No forstår eg

Auga til Daili strålar medan ho fortel.

– Då eg var barn, hadde eg ingen kunnskap om kristendomen. Så eg forstod ikkje meininga med draumane. Men no då eg kjenner Kristus, forstår eg at det han viste meg, var sitt eige Ord. Og eg veit at han viste meg Bibelen for at eg skulle gjera nettopp dette: Eg skulle vera med og gje folk Guds ord. Han har gjeve meg kraft til å vera med og spreie Ordet.

Daili voks ikkje opp i ein kristen familie, og det er berre seks år sidan ho kom til tru på Jesus. Likevel drøymde ho om Bibelen som barn.

– Kor gammal var du da du drøymde dette?

– Eg var sju, ti og tolv år – dette skjedde fleire gonger. Eg såg berre Bibelen; det var ei openberring – og eg såg ikkje kven det var som synte meg den. Men no veit eg det.

Dette er som paradiset!

Saman med Daili er dei to venninnene Lilian og Damaris. Dei tre høyrer til den same kyrkja i Havanna. Vi spør korleis dei opplever det å få pakker med biblar å dele ut i bydelen sin.

– Dette er som paradiset! seier Lilian.

– Vi veit at folk her i byen har det vondt, og vi vil så gjerne gje dei denne store gåva.

– Dette er ei stor velsigning for meg, seier Damaris og legg handa på hjartet.

– Dette er sjølve livet, å kjenne Jesus som gav livet sitt for oss, og kjenne den kjærleiken han har til oss. Eg blir så fylt av glede når eg får dette materiellet mellom hendene!

– Kva har de tenkt å bruke denne pakka med biblar til?

– Eg skal gje desse bøkene til ein familie eg kjenner, til nokre menneske som eg veit treng å bli kjende med Guds ord. Bøkene kjem til å spela ei stor rolle åndeleg sett, seier Daili.

Lilian fortel om eit evangeliseringsteam som møtast heime hos henne:

– Vi synest ofte det er vondt at vi ikkje har biblar å gje til folk. Det er så mange vi kjem i kontakt med, og forkynner evangeliet for, men vi har ingen biblar å gje dei. Når vi då høyrde om dette prosjektet, såg vi for oss andleta til alle desse som vi har vorte kjende med. No, når vi har fått biblar mellom hendene, kan vi arbeide mykje meir målretta med desse menneska.

Dei tre venninnene er einige om at pakkene med biblar vil koma godt med i tenesta:

– Vi kjem til å trenge mange biblar i tenesta vår!


Ei smilande, ung kvinne viser fram biblaene ho har fått med til familien.

– Ei utfordring frå Jesus

– Jesus utfordra læresveinane sine og sa: «De skal gje dei mat». Utfordringa frå Jesus var veldig enkel: De skal dela det de har fått. Slik er ofte utfordringane i kyrkja òg: Vi har fått eit oppdrag frå Jesus om å dela det vi har fått.

Generalsekretær Alain Montano, Bibelselskapet på Cuba