Jul i søppelbyen

Ein ryggsekk fylt med Guds ord var julegåva til 16 500 egyptiske barn – som elles ikkje ville fått nokon presang til jul.

16 500 egyptiske barn fekk i fjor ei «bibelsk julegåve. Her viser nokre av barna i Mokkatam fram gåva dei har fått.
16 500 egyptiske barn fekk i fjor ei «bibelsk julegåve. Her viser nokre av barna i Mokkatam fram gåva dei har fått.

Ein ryggsekk fylt med Guds ord var julegåva til 16 500 egyptiske barn – som elles ikkje ville fått nokon presang til jul.

16 500 egyptiske barn fekk i fjor ei «bibelsk julegåve.

Då Kirolus opna jule-ryggsekken han hadde fått av Bibelselskapet, lyste auga hans opp. – Eg har aldri hatt eit puslespel før, seier han.

Så trekker han fram endå ei gåve frå sekken.

Det er eit byggesett.

– Eg liker å bygge ting, og no skal eg sette saman denne julekrybba. Kirolus bur saman med foreldra og søskena sine i Mokkatam, søppelbyen utanfor Kairo.

– Eg fann nokre delar av leiker då vi sorterte søppel, og med dei skal eg gjere denne krybba ekstra fin, seier han.

Julegåve

Kirolus som bur saman med foreldra og søskena sine i Mokkatam, søppelbyen i Kairo.

«Eg fann nokre delar av leiker då vi sorterte søppel, og med dei skal eg gjere denne krybba ekstra fin»

Kirolus som bur saman med foreldra og søskena sine i Mokkatam, søppelbyen i Kairo. -

Kvart år gir Bibelselskapet i Egypt ei gratis julegåve til tusenvis av vanskelegstilte barn. Dei færraste familiane i denne delen av byen ville hatt råd til noko slikt.

– Med gåva frå Bibelselskapet kan eg lese, fargeleggje, byggje julekrybbe, løyse puslespel, svare på kviss og lære bibelvers utanåt. Dette blir gøy! Tusen takk, strålar Mariam (11).

I sekken til barna har Bibelselskapet lagt fargerike og tiltalande bibelprodukt. Innhaldet er eit brettspel, eit puslespel, ein innbunden og illustrert barnebibel og fleire aktivitets- og fargeleggingsbøker.

Gåva påverkar og inspirerer dei unge til å engasjere seg i Guds ord.

Julegåva er også ei oppmuntring og hjelp til kyrkjelydane – som særleg på landsbygda og i fattige bydelar, har store behov, men svært få ressursar.

I fjor fekk Det egyptiske bibelselskapet midlar til å gi 16 500 barn ei gåve til jul.

– Men vi kunne lett dobla dette talet på gåver om finansieringa var tilgjengeleg, seier generalsekretær Amir Elham i Det egyptiske bibelselskapet.

«I fjor fekk vi midlar til å gi 16 500 barn ei gåve til jul. Men vi kunne lett dobla dette talet på gåver om finansieringa var tilgjengeleg.»

Generalsekretær Amir Elham i Det egyptiske bibelselskap -