Krigsenkene i Berdytsjiv

– Eg var gravid i sjette månad da mannen min forsvann. Det gjekk 3,5 månader før han blei funnen. Da hadde laushundar ete opp halve kroppen hans.

...
Julia (til venstre med sonen David på armen), Larissa (til høgre) mellom dei står svigerdotter til Larissa og barnebarna.

Julia har sete lenge stille og ikkje sagt noko. Ho har late veninna Larissa føre ordet.

Dei er begge krigsenker etter dei mange offiserane og soldatane som har falle i kampane sør og aust i Ukraina.

I femte etasje i ei bustadblokk i byen Berdytsjiv bur Larissa saman med svigerdottera si og dei tre borna hennar på eitt rom og kjøkken. I dag er også Julia på besøk. Begge er med i bønefellesskapen som Kompas-kyrkja til pastor Vasilij driv i nabobyen Zjytomyr.

Gjekk i krigen for sonen

– I 2014 fekk sonen vår innkalling til militær mobilisering. På det tidspunktet var han småbarnsfar, og både eg og mannen min var fortvila over tanken på at han skulle dra frå familien, fortel Larissa.

Mannen hennar hadde vore offiser i den sovjetiske armeen og hadde difor mykje militær trening, og meinte han kunne vere til nytte.

– Først seinare fekk eg vite at han hadde teke kontakt med militæret og bede dei sende han i staden for sonen vår, seier Larissa.

Utan tydeleg å seie kva oppdraget gjekk ut på, drog han til frontlina – og vende aldri heim.

– Hadde eg visst dette, ville eg neppe ha tillate han å dra, seier ho.

Dødsbodet

Kl. 12 den 23. januar 2015 blei Larissa oppringt av ein av offiserane i bataljonen til mannen.

– Han fortalde meg at det tidleg same dag hadde vore harde trefningar. Avdelinga mannen min var med i, hadde gått opp på ei høgd for å rekognosere i områda ved Debaltseve. Det hadde skjedd ei misforståing, slik at dei ikkje hadde ryggdekning av medsoldatar. Da hadde opprørarane kome med seks tanks og køyrt over dei, seier ho stille.

I mange månader bar ho på sorga åleine.

– Eg trudde lenge eg skulle bli galen.


Ein dag ringte pastor Vasilij og inviterte meg med på ein kristen leir for krigsenker og etterlatne. Det redda meg.

Larissa -

Kristen leir for etterlatne

Pastoren hadde blitt tipsa om Larissa av ei anna enke i kyrkjelyden, og inviterte henne med på eit leiropphald i regi av kyrkja. Fellesskapen ho fann der, gav henne nytt håp og framtidstru.

– Eg hadde aldri tidlegare skjønt at ein kunne lese Bibelen og be på den måten pastor Vasilij lærte oss. For meg hadde bøner vore eit fast formular som eg sa fram i kyrkja. No skjønte eg at eg med eigne ord kunne leggje alt fram for Jesus, fortel ho.

Sonen, som faren hadde redda frå krigen, arbeider no ved ein kjemisk fabrikk i Tsjekkia – og brødfør kona og dei tre borna som bur i lag med bestemor si.

To damer som holder rundt hverandre

Julia

I dei ukrainske media var det på denne tida store oppslag om eit gruvekkande likfunn i byen: Ein mann hadde blitt funnen hengt og han var delvis oppeten av laushundar. Han hadde etterlate seg ei gravid kone.

– Eg skjønte raskt at denne kvinna trong hjelp, fortel Larissa.

Ikkje lenge etter kom ho i kontakt med Julia og inviterte henne med i bønefelleskapen.

– Også eg kjem frå ein militær familie, bryt Julia inn.

– Far min hadde gjort teneste i Afghanistan. Gjennom det han fortalde, forstod eg alt som lita jente kva krig innebar, seier Julia.

– I 2014, da kampane braut ut på aust- fronten, møtte eg mannen min her i byen, og vi gifta oss året etter.

11 månader var alt dei fekk saman. Han hadde vore i krigssona tidlegare same året, men da han forsvann, var han på permisjon i Berdytsjiv.

– Berre veker etter at eg hadde fødd sonen vår, David, fekk eg melding om at mannen min var funnen drepen, fortel Julia.

Nokre forsøkte å dysse ned saka og hevda det var sjølvmord.

– Mannen min var ein sentralt plassert offiser i den ukrainske hæren, og heller ikkje her heime, langt frå kampane, kjende han seg trygg. Han visste det var infiltratørar i nærområdet, fortel Julia.

Ho er viss på at det ikkje kan ha vore sjølvmord, men at han blei fanga og likvidert av agentar for separatistane.

– For å få krigsenkepensjon treng eg bevis på at han blei drepen i krig – og saka skal no handsamast i rettsvesenet, fortel ho.

Bønefellesskapen

Da Larissa tok kontakt, var Julia innlagt og fekk psykiatrisk behandling.

– Eg hadde det vondt, men eg var ikkje blitt galen. Under sjukehusopphaldet tok eg til med å lese i Den blå barnebibelen. Der las eg at Jesus hadde døydd for oss, slik at alle som trur på han skal oppstå til evig liv, smiler ho forsiktig.

– Derfor er eg viss på at eg ein dag skal få sjå mannen min att.

Gjennom Kompas-kyrkja har begge kvinnene fått ein ny familie.

Det er litt langt å køyre, men vi prøver å kome oss til kyrkja kvar søndag. Elles held gruppa av enker kontakt via digitale videomøte.

Larissa -

Gruppa tel no om lag 15 krigsenker frå heile landet. I møta innleier dei først med samtale og går deretter over til eit bibelstudium.

– No har vi kome til Jakobs brev. Det kjem alltid fram mange spørsmål, og ho som leier gruppa held andakt og styrer samtalen, seier Julia.

– Takk for at de i Bibelselskapet har støtta kyrkja vår med biblar og anna materiell. Utan fellesskapen vi har blitt ein del av, er eg redd for at mange av oss hadde gått til grunne. For eg veit at Jesus lova oss at der «to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei».