– Alle skal ha rett til Guds ord!

Mayra González er 29 år, student, skulelærar, trusopplærar og sekretær i si lokale pinsekyrkje, nordaust i Maracaibo.

Mayra Gonzáles i tårer under ein samtale med Bjørn Håkon Hovde frå Bibelselskapet
–Å finne Gud er det mest fantastiske som har skjedd i livet mitt, seier Mayra Gonzáles

– Skulen min, «Solanda Eloína García Arévalo», er ein offentleg , interkulturell, og tospråkleg skule, fortel ho.

I Venezuela lærer barna som oftast berre spansk, men i delstaten Zulia blir det på enkelte skular i urfolksdistrikt også undervist i wayuunaiki, som er språket til indianarane.

Mayra er i full jobb som lærar, men ho har ikkje fullført den pedagogiske utdanninga.

– Eg fekk tidleg tre barn, to gutar og ei jente. På den tida studerte mannen min ingeniørfag, og derfor måtte eg avbryte mine eigne studium for å ta vare på barna våre, seier ho.

Ektemannen er ikkje til stades i dag. Han er bussassistent og er mykje borte frå heimen.

Mayra González

«Barna har ikkje bøker, ikkje fargestiftar – og vi må bruke opp att papirark og skrive over gamle notat fleire gonger. Det er trist for barna, og det blir keisamt for dei.»

Mayra González -

Både fordi barna no er eldre og fordi Mayra får hjelp og avlasting frå trus-søstrer i kyrkjelyden, har ho no fått høve til å ta opp att studia. Ho har berre eit par semester att før ho er ferdig utdanna pedagog. Med godkjent eksamen vil ho også tene litt meir i jobben.

– Det er ikkje lett å vere lærar i Venezuela. Vi har nesten ingenting å hjelpe oss med. Barna har ikkje bøker, ikkje fargestiftar – og vi må bruke opp att papirark og skrive over gamle notat fleire gonger. Det er trist for barna, og det blir keisamt for dei.

– Eg er også trusopplærar og sekretær i kyrkjelyden – og heller ikkje der har vi noko materiell til barna. Absolutt ingenting.

Dei små tek med seg ein blyant eller penn heimanfrå, eller ein dei har funne på søppelhaugen.

«Utan Jesu nærvære hadde eg ikkje hatt eit liv, ikkje von, ingenting! Guds ord, slik det står i Bibelen, er livskraft for menneske.»

Mayra González -

– Det er alt vi har å hjelpe oss med. Og så har eg fått låne Bibelen av pastoren. Eg skulle så gjerne hatt nokre songbøker eller anna å syne barna i kyrkjelyden min.

– Men la meg ikkje snakke om det som er trist, men det som er godt: Å finne Gud er det mest fantastiske som har skjedd i livet mitt. Utan Jesu nærvære hadde eg ikkje hatt eit liv, ikkje von, ingenting! Guds ord, slik det står i Bibelen, er livskraft for menneske. Derfor er det ikkje rettvist at ikkje alle som ønskjer seg ein bibel, kan få ein.

– I dag gret eg av takksemd og lukke, fordi de har gitt meg eit nytestamente. Tusen takk!

Kyrkja mi ligg om lag 15 minutt lenger aust, men eg kom hit i dag – fordi eg fekk nyss om at de skulle kome til oss med biblar.

– Det er ei stor sorg for meg at mannen min ikkje er truande. No skal eg forsøke å lese til han frå nytestamentet eg har fått, seier Mayra og tørkar vekk ei tåre.

«Eg ønskjer av heile hjartet mitt at vi får høve til å byggje ei vakker kyrkje til ære for Gud.»

Mayra González -

– Guds ord gir von til meg, barna og folket mitt, og eg skulle så gjerne ønskt at mannen min også fekk oppleve det.

– Kyrkja vår er berre eit skur utan vatn og straum. Pastoren min er dessverre sjuk, og kunne ikkje kome i dag, men både ho og eg ønskjer av heile hjartet vårt å byggje ei vakker kyrkje til ære for Gud.

– Be for oss om at vi maktar å fullføre kyrkja. Gud har gitt oss alt, og vi vil gi han noko verdig og vakkert tilbake.

Gi en gave

En bibel i Venezuela koster kun 49 kroner.
Gi din gave med VIPPS eller kort.

Nyheter