Liten mann med stort hjarte

– For 14 år sidan kalte Gud meg til å bringe frelse til samfunnet vårt, som var rive i stykker av vald og kriminalitet, seier pastor Luis Fernández.

Pastor Luis Fernández
Pastor Luis Fernández

Vi kryp inn i ei halvferdig murbygning, ei av dei sju kyrkjelydane Louis har ansvaret for. Det er berre veggane som er på plass. Tak, dører, vatn og straum manglar, og gudstenestene skjer inntil vidare utandørs – under eit stort tre som gir skugge frå sola.

– Tidlegare var eg dagarbeidar, for å brødfø familien. Men no har eg pensjonert meg frå sivilt arbeid. All mi tid går med til pastortenesta, og med Guds hjelp har vi framleis brød på bordet heime – både til meg, kona og dei fire borna mine.

Desperate vaksne, helst menn, men av og til også kvinner – og mødrer, forlet Venezuela for å søkje arbeid i nabolanda, eller aller helt i USA eller Europa. Mange barn blir etterlatne til besteforeldrer eller andre familiemedlemer – og nokre er heilt foreldrelause.

– Barna er hovudfokuset vårt. Vi vil gi dei ein heim mellom truande og trygge vaksenpersoner og gi dei vern, mat og Guds ord, seier Luis.

Tre gonger i veka kokar dei suppe til borna i ei stor gryte under open eld, like ved kyrkja.

Pastor Luis Fernández i kyrkja som ikkje er ferdigbygd.

– Dessutan driv vi evangelisering i lokalmiljøet .

Akkurat denne kyrkja har namnet «Testigos del poder de Dios» («Vitner om Guds kraft»), og ho samlar 35 voksne og 50 barn, men talet aukar.

– Vi har ingenting. Nesten ikkje biblar, ikkje sangbøker, og absolutt ikkje noko til barna i kyrkjelyden, men vi har Guds ord i hjarta våre, og vi delar på biblane.

Niyali var ei av dei som tidleg blei engasjert og fekk hjelp i ein annan kyrkjelyd like i nærleiken.

– Som du ser er det ingenting her. Når vi feirar gudsteneste må vi spørre naboane om å låne toalettet. I tillegg til biblar, og bøker og fargestifter til barna har vi eit brennande ønske om å kunne fullføre kyrkja vår, til ære for Gud, seier pastor Luis.


Alejandro Lacenere, styreleiar i Det venezuelanske bibelselskapet

«Vi kjenner til mange område i landet vårt som har vore herja av drap, prostitusjon og kidnappingar. Samtidig ser vi korleis ei vital gruppe menneske har endra samfunnet. Dei har blitt leidde av Guds ord til å gjere til å gjere ein forskjell i lokalmiljøet sitt.

I wayuu-kulturen deler menneska alltid det vesle dei har, sjølv om det berre er ein matbit. Om vi har Guds ord, spør dei oss kvifor vi ikkje deler det med dei.»

Alejandro Lacenere, styreleiar i Det venezuelanske bibelselskapet

Gi en gave

En bibel i Venezuela koster kun 49 kroner.
Gi din gave med VIPPS eller kort.

Nyheter