Ein bibel til mor

– Mamma treng ein bibel, men det må vere Reina Valera 60, seier Alanis.

Alanis med Bibelen ho fekk med seg frå Bibelselskapet sin bokhandel i Caracas, Venezuela.
Alanis (20) fekk med seg Bibelen som gåve.

Det har akkurat ringt på dørklokka, og Bibelselskapets medarbeidar i bokhandelen slepp inn ei ung jente. Ho har mørke auge, men eit lyst blikk – og verkar tillitsfull.

Vi har møtt mange slike tillitsfulle folk under besøket i Venezuela. Det er rart, tenkjer eg, når land og styre i liten grad kan seiast å innby til tillit.

Alanis er 20 år og har tre yngre søsken. Heile familien hennar er aktiv i ei evangelisk kyrkje.

– Eg blei kristen allereie som lita jente. Mamma tok meg med til kyrkja, og gradvis vaks eg inn i trua, seier ho.

Vi er på omvising i Bibelselskapets lokale og står tilfeldigvis i butikken når Alanis kjem inn. Kontor, lager og butikk ligg i eit industriområde litt i utkanten av sentrumsområdet i Caracas, hovudstaden i Venezuela.

«Eg trur alle menneske er Guds barn og fortener ein sjanse til å leve eit godt liv.»

Alanis (20), student i spesialpedagogikk -

– Den gamle Bibelen til mamma er heilt fillelesen, så eg ville overraske ho med ein ny, fortel ho.

– I dag hadde eg tid til å kome hit, for akkurat no er det pause i studia – og eg må vente ei veke med å skrive meg inn på neste kurs.

Alanis fortel at ho studerer spesialpedagogikk ved universitetet i Caracas.

– Eg ønskjer å bruke utdanninga mi til å hjelpe menneske med funksjonsnedsetting. Eg trur alle menneske er Guds barn og fortener ein sjanse til å leve eit godt liv.

I mange år var det liten økonomisk aktivitet i Venezuela. Inflasjonen og prisnivået gjorde det mest umogleg å kjøpe noko, også biblar. No er situasjonen litt betre.

Medan vi snakkar med Alanis, kling det igjen i dørklokka, og inn kjem ein eldre mann og ei kvinne. Dei får omgåande betening av Bibelselskapets medarbeidar.

– Det hadde nok kome fleire kundar om vi hadde ei betre plassering i byen. Dette bygget er leigd, og i likskap med så mange andre held husverten til i USA, forklarar generalsekretæren.

«Eg liker å lese om Jesu liv og lære. Han er eit førebilete for meg, og eg ønskjer å følgje i hans fotspor. Det er noko av grunnen til at eg valde spesialpedagogikk som utdanning.»

Alanis -

Alanis tek seg tid til å setje seg ned for eit kort intervju med dei besøkande frå Noreg:

– Bibelen betyr svært mykje for meg. Eg liker å lese om Jesu liv og lære. Han er eit førebilete for meg, og eg ønskjer å følgje i hans fotspor. Det er noko av grunnen til at eg valde spesialpedagogikk som utdanning, fortel ho.

– Pappa er murar, og tener ikkje så mye, men nok til å brødfø familien. Og så har eg litt inntekt sjølv også. I dag hadde eg tenkt å kjøpe denne Bibelen som ei gåve og overrasking til mor, seier ho.

Bibelen betyr mykje både for Alanis og mora.

– Då eg for første gong sette meg ned og leste min eigen bibel, var det som ei openberring for meg – og eg byrja gråte.

– Bibelen er ei kjelde til trøyst, rettleiing og inspirasjon til å leve eit godt liv, og til å følgje Guds vilje.

«Tre gonger i veka forsøker eg å kome til kyrkja.»

Alanis -

I kyrkja hennar bruker dei berre ei bibelomsetjing: Bibelutgåva Reina Valera 60 har ein heilt spesiell posisjon mellom dei evangeliske kristne i Venezuela.

– Eg forsøker å kome til kyrkja tre gonger i veka. Men på grunn av studia, er det ikkje alltid eg rekk å gå like ofte som tidlegare, forklarar Alanis.

Det har kome nye bibelomsetjingar til spansk, som kanskje er enklare å forstå – særleg for yngre menneske.

Generalsekretær Baudilio syner henne ei anna bibelutgåve.

– Eg har alltid vore knytt til Reina Valera, og eg veit at mor ikkje vil ha nokon annan bibel. Det kjem også av at det er denne versjonen det blir lese frå i kyrkja, forklårar ho.

Vi takkar Alanis for at ho tok seg tid til å snakke med oss.

– Til gjengjeld vil vi gjerne at du får med deg denne Bibelen som ei gåve frå oss, seier generalsekretær Baudilio.

– Då blir det både ei helsing frå Bibelselskapet og ei gåve frå deg til mor di, smiler han.


Alejandro Lacenere er styreleiar for Bibelselskapet i Venezuela.

Styreleiar

Alejandro Lacenere er styreleiar for Bibelselskapet i Venezuela, regime-kritikar, advokat, brennande evangelisk kristen, og han har ein stor porsjon humor.

– At eg skulle bli styreleiar var ei ganske uventa hending. Som advokat hadde eg meir enn nok å ta meg til. Men fordi eg har ein sterk lidenskap for Bibelen – og har sett mange under skje ved Guds ord, sa eg ja til å hjelpe Bibelselskapet i ei kritisk tid.

Det er mange menneske i Venezuela som treng ein bibel, men Bibelselskapet har ikkje hatt middel til å distribuere dei.

– Bibelen er grunnleggjande for tru, von og liv. Guds ord er vegen til frelse, gir rettleiing og lys i mørkret, og er ei kjelde til trøyst og styrke.

– No har vi von om at bibelvener i Noreg, og elles i verda, vil løfte Venezuela fram i bøn. Vi treng også økonomisk hjelp. Hugs at alle bidrag, små som store, er viktige og gjer ein skilnad, seier Lacenere.

Gi en gave

En bibel i Venezuela koster kun 49 kroner.
Gi din gave med VIPPS eller kort.

Nyheter