Trusfellesskapen i arbeidarleiren

I landsbyen Askar, ein times køyretur frå hovudstaden i Bahrain, kjem ørkenen nær. Her bles det sand over vegane, og det er berre nokre spreidde buskar å sjå. I dette området finn vi også bustadane til mange av dei nesten 800 000 migrantarbeidarane i dette landet.

Arbeidarane avbilda mellom køyesengene, sitjande på golvet på rommet i arbeidarleiren der dei bur.
I arbeidarleiren: (frå venstre) Pastor Kapila, Narmaraju, Jeshua (foran), Chandraja (bak), Paul og Pravin. Vi skimtar Bibelselskapets Daniel John i bakgrunnen.

I døra på eit brakkebygg med fire etasjar ventar pastor Kapila*. Han leier oss gjennom ein brei korridor, forbi eit felleskjøken og toaletta. Utanfor inngangen til eit hybelrom med køyesenger blir vi bedne om å ta av oss på føtene.

Dette er heimen til sju-åtte modne mannfolk.

Motiv frå veggen med hinduistiske plakatar.

– Alle her kjem frå India og ingen kjende Jesus før dei kom til Bahrain, fortel pastoren.

Kapila er sjølv indar, og har i fleire år samarbeidd med Bibelselskapet om å bringe Guds ord til dei av framandarbeidarane som held til aller nedst på samfunnsstigen, og som er busett i leirbyar som her i Askar.

Kristne namn

Nokre av mennene i den vesle huslyden har kome lenger på trusvegen enn andre. Vi ser at det framleis heng plakatar med hinduistiske motiv på rommet. Men dei aller fleste har likevel ein bibel under armen.

Jeshua i tankar med bøygd hovud.

– Når ein indar finn fram til Jesus, byter han gjerne også namnet sitt, fortel Kapila. Den indiske namnetradisjonen tilseier at borna får eit hinduistisk namn ved fødselen. Når ein person kjem til tru, og blir døypt, tek han derfor ofte eit nytt namn. Ein av mennene presenterer seg med døypenamnet Jeshua:

– Det var gjennom Kapila og fellesskapen her i leiren eg fann fram til Kristus. Sjølv om få av oss kjende till kvarandre før vi kom til Bahrain, kjenner vi oss no alle som brør, seier han.

– Eg visste om kristendomen, men var likegyldig før eg kom til Bahrain, seier Pravin.

Han er enno ikkje døypt men er trufast med i bønene, og også han har fått seg ein bibel.

«Arbeidsdagen byrjar klokka to om natta, før sola står opp og varar til kring klokka ti på føremiddagen. Midt på dagen er det for farleg å gjere fysisk arbeid i den steikande sola»

-

Arbeidsdagen

Det finnast migrantarbeidarar i Golf-statane med godt betalte jobbar, og fine hus. Men dei som bur i denne leiren er alle bygningsarbeidarar eller dei jobbar med reinhald, vegarbeid og andre fysisk krevjande yrke. Fleire av dei arbeider også utandørs – og på desse breiddegradane kan det vere ei utfordring.

– Arbeidsdagen byrjar klokka to om natta, før sola står opp og varar til kring klokka ti på føremiddagen. Midt på dagen er det for farleg å gjere fysisk arbeid i den steikande sola, fortel Kapila.

Narmaraju avbilda med Bibelen sin mellom hendene.

Fredagsgudsteneste

På ettermiddagen, i halv seks-tida, når sola ikkje er like miskunnlaus, samlast dei som kan til ei bønestund på rommet. Fredagane er «heilagdag» i Bahrain – og fridag. Så dermed blir det også gudstenestedagen.

Paul heiter ein av dei som er døypt. Kona hans arbeider som hushjelp, og derfor ser dei lite til kvarandre gjennom veka. Men på fredagane kjem også ho til kyrkja:

– Etter gudstenesta tek eg med heile gruppa til eit måltid som kona mi har laga i stand, seier han.

Den faste rutinen med arbeid, bøn og gudsteneste knyter husfellesskapen saman i tru og søking etter Kristus.

– Vi ser særleg på Paul som ein fredens mann, seier Narmaraju. Han og pastoren har vore bruer for oss heilt sidan vi kom til landet.

Frå rommet i arbeidarleiren.

Kristne vitne

Alle migrantarbeidarar i Golf-statane er i landa på bestemt tid, dei kan ikkje bli verande når arbeidskontrakta går ut:

– Eg veit at når desse mennene dreg tilbake til heimstaden vil dei bli levande vitne om Kristus, seier Kapila.

– Nokre vil òg ta til som leiarar innan ein trusfellesskap, eller bli prestar og evangelistar. Eg har mange gonger erfart at trusreisa for eit menneske har byrja her i Bahrain.

Arbeidarleiaren i Bahrain står som eit vitnemål om krafta i Guds ord. Arbeidarane har her funne samkjensle, formål og åndeleg oppvakning. På kanskje den mest uventa staden i verda, blir dei litt om litt levande døme på evangeliets kraft.

Ei støvete gate mellom arbeidarbrakkene i byen Askar på Bahrain.
Dei som bur i denne leiren er alle bygningsarbeidarar eller dei jobbar med reinhald, vegarbeid og andre fysisk krevjande yrke.

Be for arbeidarane i Golfen

  • Be for dei nesten 800 000 migrantarbeidarane i Bahrain, og millionane som oppheld seg andre stader i Persiabukta. Be om at dei finn trøyst og håp i Kristus, og at dei kan bere vitnemålet om Jesus tilbake til heimlanda sine.
  • Be for pastor Kapila og trusfellesskapen hans i Bahrain. Be om visdom, styrke og vern for nye kristne og at arbeidet kan halde fram med å bere frukt.
  • Be om at migrantarbeidarane blir styrkte i relasjonen sin med Kristus. Be for eining og samkjensle i trusfellesskapen, trass i dei krevjande for- holda arbeidarane står overfor.