Adventstid med Geir Gundersen - Dag 1

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Lysande spørsmål

Les i nettbibelen.

3«Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»

Høyr andakten!

God morgon!

Så fekk eg oppleve det ein gong til. Å tenne eit lys, på denne mørkaste tida i året.

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome.

Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar? Eg tenkjer: Det opnar tida for dei djupaste spørsmål i hjartet, dei som veks ut av vårt indre, dei vi berre må stille, dei som set ord på uvissa og uroa i vår sjel, det som brenn for meg, hjartet sine ekte spørsmål, dei som bind menneske saman på tvers av alt som skiljer oss.

Det er eit slikt spørsmål døyparen Johannes stiller i dagens tekstord frå Matteusevangeliet kapittel 11. Han stiller det i fengselscella si. Dit når rykta han om orda og handlingane til Jesus, mannen Johannes ein gong peika på og sa: Sjå, der er han som er sterkare enn meg, eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane! (Jf. Matt 3,11; Joh 1,29–34.) No dreg Jesus rundt i byane og underviser og forkynner medan Johannes sit fengsla og bunden. Johannes har enno nokre læresveinar som held fast ved han, og ein av dei sender han til Jesus med sitt djupaste, mest brennande spørsmål, det som heile hans eksistens står og fell med:

«Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» (Matt 11,3).

Det er eit ekte adventsspørsmål.

Er du den eg trudde du var?

Er du den eg peikte på, er du verkeleg Guds lam?

Er du den eg berre kan bøye meg for? Eller tok eg feil og må vente på ein annan?

Eg kjenner: Døyparen Johannes sitt spørsmål er det lyset som opnar adventstida for meg. Så eg forstår at no er det tid for å la maska falle, no er det tid for mine eigne hjartespørsmål. Det får bere eller breste. No er det tid for å opne stengde rom og ta han som eg trur på, inn i dei. No må eg – Gud hjelpe meg – gå i møte med han som kjem og vise mitt hjarte for han slik det er.

Jesus sende læresveinane til Johannes tilbake til fengslet med følgjande svar på døyparens spørsmål:

Matteus 11,4-6

Les i nettbibelen.

4Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser: 5Blinde ser, og lamme går, spedalske blir reine, og døve høyrer, døde står opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige. 6Sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»

Les videre:

11Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld.

Les i nettbibelen

29Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda! 30Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg. 31Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.» 32Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han. 33Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande. 34Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»

Les i nettbibelen