Adventstid med Geir Gundersen - Dag 11

Medan mørkret enno stig og veks, tenner vi det første adventslyset, opnar opp mørkret, opnar opp tida, opnar opp kyrkjeåret, opnar opp hjartet for han som skal kome. Kva er denne tida til for? Kva varslar dette eine, spinkle lyset? Kva er det for eit rom det opnar?

GG leseplan 1

Fosterfryd

Lukas 1,43-44

Les i nettbibelen.

43Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd.

Høyr andakten!

God morgon – og til lukke med ein ny adventsdag!

Maria og Elisabet. Høyr desse namna på to kvinner med barn i magen, Maria og Elisabet. Og sjå møtet mellom dei, møtet som har opna menneskehjarte og inspirert kunstnarsinn gjennom heile kyrkjehistoria. Sjå Maria skunde seg opp i fjellbygdene. Det er berre nokre dagar etter det overveldande møtet med engelen Gabriel.

Sjå ungjenta som har sagt ja til Gud, ja til å bere frelsarbarnet i sin mage, sjå henne trø inn i Sakarjas hus og helse slektningen sin, Elisabet, ho som trudde at ho ikkje kunne få barn og no er i sjette månaden. Sjå Maria og Elisabet. Kvinne møter kvinne. Foster møter foster. Og alt liv og alle kvinner og alle menn til alle tider er dregne inn i dette møtet. Slik vi les i Lukasevangeliet kapittel 1.

Lukas 1,41-45

Les i nettbibelen.

41Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande 42og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. 43Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. 45Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»

Det er noko som lyfter seg i mitt mannehjarte òg. Eg er far og bestefar. Eg kjenner den bultande rørsla til eit foster i mors mage. Elisabets ekstatiske ord kling i øyret. Eg øver meg på å svare i tru. Kvar gong eit foster sparkar mot veggen i morslivet, utvidar universet seg. Foster helsar foster. Kvar einaste fosterrørsle er ein lovsong til fosteret i Marias mage: Ver helsa du veslebror, du medmenneske, som skal bli til frelse for alt levande, ja for heile skapningen!

Det sprenger på herlegaste vis alle grenser for vår forståing, og endå blir vi inviterte til å synge med i fostersongen, fosterfryden.

Kjære lyttar, du som vart til på same måten, du som er i nær slekt med dei to små liva i Maria og Elisabet sin mage, eg òg inviterer deg denne adventsmorgonen: Syng med! Samle dei små og store rørslene i ditt eige menneskehjarte, og rett dei mot Barnet som er på veg. Det er tid for det no. Advent på alvor. Ver modig og lat dine djupaste lengsler leie deg.

Slik vil eg sjølv be: Herre, rør ved meg slik du rørte ved Maria og Elisabet. Opne mitt hjarte slik du opna deira hjarte. Gi meg å fornemme korleis du rører deg i meg så eg kan ta imot Barnet og late din røyndom vekse i meg. Herre, eg er ein vaksen mann no. Lat det skje, lat det skje, lat din vilje skje med meg. Amen.

Geir Gundersen
Acme

God morgon

119 andaktar til kvardag og høgtid – sorg og glede.
349,-