Johannes 5,1–18

I denne delen av Johannesevangeliet møter vi flere av Jesu mest kjente mirakler. Vi får se ham helbrede syke, gå på vannet, mette 5 000 og alt dette leder fram mot Peters store bekjennelse av hvem Jesus er - Guds hellige, han som har det evige livs ord.

Banner med myrull og solskinn som leser: Johannes 4,1-7,13 Logos 3-22.

Har du opplevd noko som verkar for godt til å vera sant?

Mannen Jesus møter i teksten, var i ein håplaus situasjon. I tillegg til det nedbrytande ved langvarig sjukdom, viser teksten fram korleis det å stadig ha hamna bakarst i køen, det å bli forbigått og parkert, gjer at eit menneske ikkje heilt greier å ta i mot eit tilbod om helse som verkar for godt til å vera sant.

Greidde mannen ved Betesda i det heile å ta spørsmålet «vil du bli frisk» på alvor? Og kva med oss? Vikla inn i så mange ting i livet, og påverka av eigne og andre sine val kan vi kjenna på at Jesu tilbod om å bli oppreist og fornya, verkar litt urealistisk.

Så står han der altså. Hos han er det ikkje noko køsystem som gir kjensla av stadig å rykka bakover i køen og nedover på prioriteringslista. Den utstrekte handa hans når også den som er utan håp. Jesus vil reisa oss opp. Som vers. 14 viser, dreier det seg ikkje berre om fysiske føresetnader, men om å koma i rett forhold til han som reiser oss opp.

Den sjuke ved Betesda

Johannes 5,1-18

Les i nettbibelen.

1Etter dette kom ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem. 2Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar. 3Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. *Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle, 4for ein engel frå Herren steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde.• 5No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år. 6Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?» 7«Herre», svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.» 8Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!» 9Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.Men det var sabbat den dagen. 10Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.» 11Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: ‘Ta båra di og gå!’» 12«Kven er det mennesket som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei. 13Men han som hadde vorte frisk, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde trekt seg unna; det var så mykje folk der. 14Seinare fann Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synd ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» 15Mannen gjekk då og fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk. 16Jødane tok til å forfølgja Jesus fordi han hadde gjort dette på sabbaten. 17Men han sa til dei: «Far min arbeider til denne dag. Også eg arbeider.» 18Etter dette var jødane endå meir oppsette på å drepa han. Ikkje berre braut han sabbaten, men han kalla òg Gud sin eigen far og gjorde seg sjølv lik Gud.