Johannes 5,19–30

I denne delen av Johannesevangeliet møter vi flere av Jesu mest kjente mirakler. Vi får se ham helbrede syke, gå på vannet, mette 5 000 og alt dette leder fram mot Peters store bekjennelse av hvem Jesus er - Guds hellige, han som har det evige livs ord.

Banner med myrull og solskinn som leser: Johannes 4,1-7,13 Logos 3-22.

Føler du av og til at gudsbiletet ditt er litt delt?

I dei mektige avsnitta vi har for oss her, står Jesus tydeleg fram med at han er heilt avhengig av Far sin, samtidig som han understrekar den allmakta han har frå same Gud.

Orda er som ein lindrande salve for den som har rota seg inn i eit gudsbilete som manglar den dynamikken som finst hos den kristne Gud. Han er ein. Og likevel eit fellesskap, eit liv som ikkje berre er ein indre tilstand i guddommen, nei, også vi er inviterte inn til dette livet.

Det handlar om å høyra ordet og å tru, slik Jesus seier i teksten. For det er evig liv, det Jesus tilbyr. Det er noko som varer når alt anna fell vekk, noko som verkeleg vil gi oss varig glede.

Alt mens Jesus var her på jorda, peikte han på den underlege vegen som fører til den eine, allmektige Gud: Å legga ned sitt eige, og overgi alt saman til han som dømer rettferdig.

Fullmakta til Sonen

Johannes 5,19-30

Les i nettbibelen.

19Då tok Jesus til orde og sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Sonen kan ingen ting gjera av seg sjølv, berre det han ser Far gjera. Det Far gjer, det gjer Sonen like eins. 20For Far elskar Sonen og viser han alt det han sjølv gjer. Og han skal visa han større gjerningar enn desse, så de skal undra dykk. 21For slik Far vekkjer opp dei døde og gjer dei levande, slik gjer òg Sonen levande kven han vil. 22Og Far dømmer ikkje nokon, men han har gjeve heile dommen over til Sonen, 23så alle skal æra Sonen slik dei ærar Far. Den som ikkje ærar Sonen, ærar heller ikkje Far, han som har sendt han. 24Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet. 25Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Det kjem ein time, ja, han er alt komen, då dei døde skal høyra røysta til Guds Son, og dei som høyrer, skal leva. 26For slik Far har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv, 27og han har gjeve han fullmakt til å halda dom fordi han er Menneskesonen. 28De må ikkje undra dykk over dette. For det kjem ein time då alle dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst. 29Og dei skal koma fram; dei som har gjort det gode, skal stå opp til livet, men dei som har gjort det vonde, skal stå opp til dom. 30Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømmer etter det eg høyrer, og dommen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.