Johannes 5,31–47

I denne delen av Johannesevangeliet møter vi flere av Jesu mest kjente mirakler. Vi får se ham helbrede syke, gå på vannet, mette 5 000 og alt dette leder fram mot Peters store bekjennelse av hvem Jesus er - Guds hellige, han som har det evige livs ord.

Banner med myrull og solskinn som leser: Johannes 4,1-7,13 Logos 3-22.

Denne teksten er henta frå det Hans Johan Sagrusten skreiv i Logos 3–10.

Jesus er på tiltalebenken – kven sier du at han er?

Johannesevangeliet kan lesast som ein rettsprotokoll. Her blir det ført vitne etter vitne som seier kven Jesus er. Det blir halde ei rettssak der Jesus er på tiltalebenken, og det skal avgjerast kven han verkeleg er.

Frå ein slik synsvinkel er teksta i dag sentral. Jesus vil ikkje vitne om seg sjølv, men i staden kjem han med fire andre vitne, det eine sterkare enn det andre. Kven er det som vitnar i vers 32–35? I vers 36? I vers 37–38? I vers 39?

Mot slutten endrar teksta karakter: I staden for å vera ei sak for eller imot Jesus, kjem vi menneske på tiltalebenken for ikke å ha trudd på Jesus!

Slik som i alle rettssaker, finst det òg her ein aktor, ein anklagar. Det er Moses som kjem med tiltalen, han er representant for heile Det gamle testamentet, ikkje berre Mosebøkene. Moses svarar til uttrykket «skriftene» i vers 39.

Kva får utfordringa frå Moses å seie for di lesing av Bibelen?

Vitne om Jesus

Johannes 5,31-47

Les i nettbibelen.

31Dersom eg vitnar om meg sjølv, er vitneutsegna mi ikkje gyldig. 32Men det er ein annan som vitnar om meg, og eg veit at den vitneutsegna han gjev meg, er sann. 33De sende bod til Johannes, og han har vitna for sanninga. 34Eg treng ikkje vitneutsegner frå menneske, men eg seier dette så de skal bli frelste. 35Johannes var ei lampe som brann og lyste, og ei lita stund ville de gleda dykk i lyset hans. 36Men eg har ei vitneutsegn som er sterkare enn den Johannes gav: dei gjerningane Far har gjeve meg å fullføra. Og det er desse gjerningane eg gjer, som vitnar om at Far har sendt meg. 37Ja, Far som har sendt meg, har sjølv vitna om meg. Hans røyst har de aldri høyrt, hans skapnad har de aldri sett, 38og hans ord lèt de ikkje bli verande i dykk. For de trur ikkje på den han har sendt. 39De granskar skriftene, for de meiner at de har evig liv i dei – men det er dei som vitnar om meg! 40Likevel vil de ikkje koma til meg så de kan ha liv. 41Eg tek ikkje imot ære av menneske. 42Tvert imot, for eg kjenner dykk og veit at de ikkje har Guds kjærleik i dykk. 43Eg er komen i namnet åt Far min, og de tek ikkje imot meg. Kjem det ein annan i sitt eige namn, tek de imot han. 44Korleis kan de tru, de som vil ha ære av kvarandre og ikkje søkjer ære hos den einaste Gud? 45Tru ikkje at eg vil klaga dykk for Far. Den som klagar dykk, er Moses, han som de har sett dykkar håp til. 46For hadde de trudd Moses, hadde de òg trudd meg, for det er om meg han har skrive. 47Men når de ikkje trur skriftene hans, korleis kan de då tru orda mine?»