Jesus blir døypt

Døyparen Johannes budde i ørkenen.
Der levde han lenge av grashopper og villhonning.
Han var kledd i ei kappe av kamelhår
og hadde eit lêrbelte om livet.

Då tida var inne, drog han ned til Jordanelva.
Han ropte ut: «Ver gode mot dei fattige!
Himmelriket er nær!»

Folk kom langvegsfrå for å høyre kva han sa.
Alle som angra på det vonde og gale dei hadde gjort,
døypte han i Jordanelva.
Det var mange som ville ut i elva til døyparen Johannes.

Ein dag stod Jesus der og sa: «Døyp meg.»
«Det kan eg ikkje», svarte Johannes,
«for du er den einaste verkeleg reine.»
«Det må skje», sa Jesus.

Saman gjekk dei ut i elva,
og Johannes døypte Jesus.
Då opna himmelen seg
og Guds Ande kom ned over Jesus som ei due,
og ei røyst frå himmelen sa:
«Du er Son min, han som eg elskar,
i deg har eg mi glede!»
Folk inne på breidda trudde det var tora dei høyrde.

Men Jesus gjekk opp av elva og bort.
Då ropte Johannes: «Sjå, der går Guds Lam!
Han ber bort verdas synd,
alt som er vondt og gale.»

Les historia i Bibelen

13Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

Les i nettbibelen