Josef i Egypt

Josef kom som slave til Egypt.
Brørne hans hadde selt han.
Han var slave i nokre år,
og så blei han kasta i fengsel
for noko han ikkje hadde gjort.
I fengselet bad han til Gud
og tydde andre sine draumar.

Etter mange år blei han henta til slottet.
«Kan du tyde draumar?» spurde farao.
«Ikkje eg, men Gud fortel meg
kva draumane betyr», sa Josef.
Då fortalde farao om draumen han hadde hatt.

Farao hadde drøymt at han stod ved Nilen.
Opp frå elva steig det sju kyr, fine og feite.
Etter dei steig sju andre kyr opp frå elva.
Dei var stygge og magre og åt opp dei feite kyrne.
Farao hadde òg drøymt om sju kornaks,
tjukke og gode; dei voks på eitt strå.
Etter dei skaut det opp sju andre kornaks,
tynne og svidde av vinden.
Dei tynne aksa slukte dei tjukke.

«Kva betyr det?» spurde farao.
Josef sa at Gud hadde vist farao framtida:
Etter sju gode år med mykje korn
skulle det komme sju år der folk svalt.
Josef gav farao det rådet
at heile landet skulle spare korn i dei gode åra
så dei hadde nok mat i dei sju åra med svolt.
Farao sa: «Eit godt råd! Du er ein klok mann.
Du skal leie dette arbeidet!»

Josef blei den øvste leiaren i Egypt,
nest etter farao sjølv.
Alle bøygde seg for han.
Han bygde kornlager og samla opp i dei gode åra
så alle kunne få kjøpt korn når dei trong det.
Då dei dårlege åra kom,
var det ingen i Egypt som svalt.

Folk kom langvegsfrå for å kjøpe korn.
Også brørne til Josef reiste frå Kanaan til Egypt.
Dei kjende ikkje Josef att,
men kasta seg ned framfor han med ansiktet mot jorda.
Dei håpte at den mektige mannen ville la dei kjøpe korn.

Josef lét som han ikkje kjende dei att.
Han sa strengt til dei: «De er spionar!»
«Nei, vi er ærlege folk!» svarte dei.
«Vi er komne for å kjøpe mat.»
Dei sa at dei var frå Kanaan.
Ein gong hadde dei vore tolv brør,
men éin var død, og den yngste var igjen hos faren.
«Bevis det! Ta han hit!» befalte Josef.

Brørne reiste heim med kornet
og henta den yngste broren.

Då veslebror Benjamin kom til Egypt
og dei møttest,
måtte Josef springe ut av rommet.
Han ville ikkje vise at han gret.

Så lurte Josef brørne sine.
Han fekk lagt eit sølvbeger i kornsekken til Benjamin
og befalte at den som hadde stole begeret,
skulle vere igjen som slave i Egypt.
Men då brørne oppdaga kvar begeret låg,
flerra dei kleda sine,
kasta seg til jorda framfor Josef
og bad: «Ikkje ta Benjamin!
Då døyr far vår av sorg.
Ta ein av oss som slave i staden!»

Då tok Josef til å gråte høgt
og sa: «Eg er Josef, bror dykkar.»
Brørne stira skrekkslagne på han.
«Eg tilgir dykk!» sa han.
«De ville gjere vondt mot meg,
men Gud ville at det skulle bli til noko godt.
Han sende meg hit for å redde Egypt,
og for å redde dykk òg.»

Då brørne kom tilbake til Kanaan,
sa far Jakob om og om igjen:
«Tenk at sonen min Josef framleis lever!»
Far Jakob og brørne flytta til Egypt,
og Josef sørgde godt for dei.

Les historia i Bibelen

1Josef vart ført ned til Egypt. Potifar, ein egyptar som var hoffmann hos farao og sjef for livvakta, kjøpte han av ismaelittane som hadde teke han med dit. 2Herren var med Josef og lét det lukkast for han. Han vart verande i huset til den egyptiske herren sin. 3Herren hans såg at Herren var med han og lét han lukkast i alt han gjorde. 4Josef vann velvilje hos herren sin og vart tenaren hans. Potifar sette han til å styra sitt hus og lét han ta hand om alt han eigde. 5Og frå den tid egyptaren hadde sett han over sitt hus og alt han eigde, velsigna Herren huset hans på grunn av Josef. Herrens velsigning kvilte over alt det han eigde, både i huset og på marka. 6Han lét Josef ta hand om alt han eigde, og gjorde seg ingen suter, anna enn for maten han åt.Josef var velskapt og vakker. 7Ei tid etter hende det at kona til herren kasta auga sine på han. «Ligg med meg!» sa ho. 8Men han ville ikkje og sa til henne: «Sjå, herren min treng ikkje gjera seg suter om noko i huset, han har late meg ta hand om alt. 9Han er ikkje større i dette huset enn eg. Han har ikkje nekta meg noko utan deg, sidan du er kona hans. Korleis skulle eg då kunna gjera noko så vondt og synda mot Gud?» 10Dag etter dag snakka ho til Josef, men han høyrde ikkje på henne og ville ikkje liggja med henne eller vera saman med henne. 11Så hende det ein dag at han kom inn i huset og skulle gjera arbeidet sitt. Ingen av husfolket var inne. 12Då greip ho fatt i kappa hans og sa: «Ligg med meg!» Men han rømde ut av huset og lét kappa vera att i hendene hennar. 13Då ho såg at han lét kappa vera att i hendene hennar og sjølv rømde ut, 14ropa ho på husfolket og sa: «Sjå! Mannen min har drege ein hebrear inn i huset som gjer oss til latter. Han kom til meg og ville liggja med meg, men eg ropa så høgt eg kunne. 15Og då han høyrde at eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.» 16Så tok ho vare på kappa til herren hans kom heim. 17Ho fortalde han den same historia: «Den hebraiske slaven som du har drege inn til oss, kom til meg og ville gjera meg til latter. 18Men då eg sette i og ropa, lét han kappa vera att hos meg og rømde ut.» 19Herren til Josef vart brennande harm då han høyrde kva kona fortalde. «Dette har slaven din gjort mot meg», sa ho. 20Han tok Josef og sette han i fengselet der fangane til kongen sat i lenkjer. Han vart sitjande der i fengselet. 21Men Herren var med Josef og viste han miskunn. Han lét han finna godvilje hos styraren for fengselet. 22Han lét Josef ta hand om alle fangane i fengselet og alt som skulle gjerast der. 23Styraren hadde ikkje sjølv tilsyn med noko av det Josef hadde fått hand om. For Herren var med Josef. Herren lét alt han gjorde, lukkast for han. 1Ei tid etter hende det at munnskjenken og bakaren til kongen i Egypt fornærma herren sin, kongen i Egypt. 2Farao vart sint på dei to hoffmennene sine, overmunnskjenken og bakarmeisteren. 3Han sette dei i forvaring hos sjefen for livvakta, i fengselet der Josef var fange. 4Sjefen for livvakta sette Josef til å sjå etter dei og tena dei. Dei vart sitjande ei tid i forvaring. 5Medan munnskjenken og bakaren hos kongen i Egypt sat lenkja i fengselet, hadde dei to i ei og same natta kvar sin draum med ulik tyding. 6Då Josef kom inn til dei om morgonen, såg han at dei var nedtrykte. 7Han spurde hoffmennene til farao, som sat i forvaring saman med han i huset til herren hans: «Kvifor har de så triste andlet i dag?» 8Dei svara: «Vi har begge hatt ein draum, men her er det ingen som kan tyda dei.» Då sa Josef til dei: «Høyrer ikkje tydinga Gud til? Fortel!» 9Så fortalde overmunnskjenken draumen sin til Josef. Han sa: «Sjå, i draumen min stod ein vinstokk framfor meg. 10Det var tre greiner på han. Så snart han tok til å skyta knoppar, spratt blomane, og klasane vart til mogne druer. 11Eg heldt begeret til farao i handa. Eg tok druene, pressa dei ut i begeret og gav det til farao.» 12Då sa Josef: «Dette er slik å tyda: Dei tre greinene er tre dagar. 13Om tre dagar skal farao opphøgja deg og gje deg stillinga di tilbake. Du skal gje begeret til farao på same måten som før då du var munnskjenken hans. 14Gjev du ville koma meg i hug når det går deg godt! Gjer vel å nemna meg for farao og få meg ut av dette huset. 15For eg er stolen frå landet til hebrearane, og her har eg ikkje gjort noko som gjer meg fortent til fangeholet.» 16Då bakarmeisteren såg at Josef hadde gjeve ei god tyding, sa han til han: «Eg òg var i draumen min. Og sjå, eg hadde tre korger med kveitebrød på hovudet. 17I den øvste korga var det bakverk av alle slag til farao, men fuglane åt bakverket frå korga på hovudet mitt.» 18Josef svara: «Dette er tydinga: Dei tre korgene er tre dagar. 19Om tre dagar skal farao opphøgja deg og hengja deg i eit tre, og fuglane skal eta kjøtet av deg.» 20Tredje dagen – det var fødselsdagen til farao – heldt farao eit festmåltid for alle tenarane sine. Då lyfte han opp overmunnskjenken og bakarmeisteren midt blant tenarane sine. 21Overmunnskjenken gav han stillinga tilbake, så han fekk gje farao begeret, 22men bakarmeisteren hengde han. Det gjekk slik Josef hadde tydd draumane for dei. 23Men overmunnskjenken hugsa ikkje på Josef; han gløymde han. 1To år etter hadde farao ein draum: Sjå, han stod ved Nilen. 2Opp frå elva steig sju kyr, fine og feite, og gav seg til å beita i sivet. 3Etter dei steig sju andre kyr opp frå elva, stygge og magre, og stilte seg saman med kyrne på elvebredda. 4Dei stygge og magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao. 5Så sovna han att og drøymde for andre gong: Sjå, sju kornaks, tjukke og gode, voks på eitt og same strået. 6Etter dei skaut det opp sju andre kornaks, tynne og svidde av austavinden. 7Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke og fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum. 8Men om morgonen var han uroleg til sinns. Han sende bod etter alle spåmennene og vismennene i Egypt. Farao fortalde dei draumane sine, men det var ingen som kunne tyda dei for han. 9Då sa overmunnskjenken til farao: «I dag kom eg til å tenkja på syndene mine. 10Ein gong vart farao sint på tenarane sine og sette meg og bakarmeisteren i forvaring hos sjefen for livvakta. 11I ei og same natt hadde vi kvar vår draum, eg og han, med kvar si tyding. 12Det var ein ung hebrear saman med oss der, ein slave hos sjefen for livvakta. Vi fortalde han draumane våre, og han gav draumane kvar si tyding. 13Og slik han tydde dei for oss, slik gjekk det. Farao gav meg stillinga tilbake, men bakarmeisteren hengde han.» 14Då sende farao bod etter Josef, og dei skunda seg og henta han ut frå fangeholet. Han barberte seg og skifte klede og gjekk så inn til farao. 15Farao sa til Josef: «Eg har hatt ein draum, og det er ingen her som kan tyda han. Men eg har høyrt om deg at når du høyrer ein draum, så kan du tyda han.» 16Josef svara: «Det er ikkje opp til meg, berre Gud kan gje eit svar som er godt for farao.» 17Så sa farao til Josef: «Sjå, i draumen stod eg ved elvebredda. 18Frå elva kom det opp sju kyr, feite og fine, og gav seg til å beita i sivet. 19Etter dei kom det opp sju andre kyr, tynne, magre og stygge. Så stygge kyr har eg aldri sett i heile Egypt. 20Og dei magre, stygge kyrne åt opp dei første sju, dei feite kyrne. 21Men då dei hadde sett dei til livs, kunne det ikkje merkast på dei; dei var like stygge som før. Då vakna eg. 22I draumen såg eg òg sju kornaks som voks på eitt strå, fulle og gode. 23Etter dei skaut det opp sju andre aks, tørre, tynne og svidde av austavinden. 24Dei tynne aksa slukte dei sju gode. Dette fortalde eg til spåmennene, men ingen kunne forklara det for meg.» 25Då sa Josef til farao: «Farao har hatt ein og same draumen. Gud har late farao få vita kva han vil gjera. 26Dei sju gode kyrne er sju år, og dei sju gode aksa er sju år. Det er ein og same draumen. 27Dei sju magre og stygge kyrne som kjem opp etter dei, er sju år. Og dei sju kornaksa, tynne og svidde av austavinden, er sju år med hungersnaud. 28Det var det eg meinte då eg sa til farao: Gud har vist farao kva han vil gjera. 29Sjå, det skal koma sju år med overflod i heile Egypt. 30Etter dei skal det koma sju år med hungersnaud, så all overfloda skal bli gløymd i Egypt. Svolten skal gjera ende på landet. 31Ingen skal minnast overfloda i landet, for svolten som følgjer, skal bli hard. 32Når farao hadde same draumen to gonger, kjem det av at Gud har fastsett dette. Han vil skunda seg å gjera det. 33No må farao sjå seg ut ein vis og vitug mann og setja han over Egypt. 34Farao må gripa inn. Han må peika ut tilsynsmenn utover landet og krevja inn ein femtedel av avlingane frå Egypt i dei sju åra det er overflod. 35Dei skal samla all maten frå dei gode åra som kjem, og lagra treskt korn i byane under vakthald frå farao. 36Maten skal vera forråd for landet i dei sju åra med hungersnaud som kjem over Egypt. Då skal ikkje landet gå til grunne av svolt.» 37Farao og alle tenarane hans syntest godt om dette rådet. 38Og farao sa til tenarane sine: «Finst det nokon mann som denne, ein som har Guds ande i seg?» 39Så sa farao til Josef: «Sidan Gud har late deg få vita alt dette, finst det ingen så vis og vitug som du. 40Du skal styra mitt hus, og heile folket mitt skal retta seg etter det du seier. Berre når det gjeld trona, skal eg vera større enn deg.» 41Og farao sa til Josef: «Sjå, eg set deg over heile Egypt.» 42Så tok han signetringen av handa si og sette han på handa til Josef. Han kledde han i linklede og hengde ei gullkjede om halsen på han. 43Han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa framfor han: «Bøy kne!» Slik sette farao han over heile Egypt. 44Og han sa til Josef: «Eg er farao, men utan løyve frå deg skal ingen lyfta hand eller fot i heile Egypt.» 45Farao kalla Josef Safenat-Paneah og gav han Asenat til kone. Ho var dotter til Potifera, presten i On. Sidan drog Josef omkring i Egypt. 46Josef var tretti år gammal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Så drog Josef bort frå farao og reiste over heile Egypt. 47Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod. 48Han samla allslags grøde i dei sju åra landet fekk, og han lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene omkring. 49Slik samla Josef treskt korn i mengder så store som havsens sand, heilt til han gav opp å rekna, for det lét seg ikkje rekna. 50Før det første året med hungersnaud kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On. 51Den førstefødde kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma alt mitt strev og heile farshuset mitt.» 52Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjort meg fruktbar i landet der eg vart plaga.» 53Dei sju gode åra i Egypt tok slutt. 54Så byrja dei sju åra med hungersnaud, slik Josef hadde sagt. Det vart hungersnaud i alle land, men i heile Egypt fanst det mat. 55Då heile Egypt leid av svolt, ropa folk til farao etter brød. Han sa til dei: «Gå til Josef og gjer det han seier dykk!» 56Det vart hungersnaud over heile jorda. Då opna Josef alle lagera og selde korn til egyptarane, for hungersnauda var hard i Egypt. 57Og heile verda kom til Egypt for å kjøpa korn frå Josef, for hungersnauda var hard over heile jorda. 1Då Jakob fekk vita at det var korn i Egypt, sa han til sønene sine: «Kvifor sit de og ser på kvarandre? 2Eg høyrer», sa han, «at det er korn i Egypt. Dra dit ned og kjøp korn til oss, så vi kan leva og ikkje døy!» 3Ti av brørne til Josef drog då for å kjøpa korn i Egypt. 4Men Jakob sende ikkje Benjamin, bror til Josef, av stad med brørne, for han sa: «Han kunne bli ramma av ei ulukke.» 5Såleis var Israels søner blant dei som kom for å kjøpa korn, for det var hungersnaud i Kanaan. 6No var det Josef som styrte landet, og det var han som selde korn til folket der. Brørne til Josef kom og kasta seg ned for han med andletet mot jorda. 7Då Josef såg brørne sine, kjende han dei att, men han lét som om han ikkje kjende dei. Han tala strengt til dei: «Kvar kjem de frå?» Dei svara: «Vi kjem frå landet Kanaan for å kjøpa mat.» 8Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje han. 9Han kom i hug draumane han hadde hatt om dei, og sa: «De er spionar! De er komne for å sjå kvar landet ligg ope.» 10«Nei, herre», svara dei, «tenarane dine er komne for å kjøpa mat. 11Vi er alle sønene til ein og same mannen. Vi er ærlege folk! Tenarane dine er ikkje spionar.» 12Men han svara dei: «Jau, de er komne for å sjå kvar landet ligg ope.» 13Då sa dei: «Tenarane dine var tolv brør, sønene til ein og same mannen i Kanaan. Den yngste er hos far vår i dag, og ein er ikkje meir.» 14Men Josef sa til dei: «Det er som eg har sagt: De er spionar! 15Slik skal de bli sette på prøve: Så sant farao lever, de slepp ikkje herifrå utan at yngste bror dykkar kjem hit! 16Lat ein av dykk reisa og henta bror dykkar, medan de andre blir verande her som fangar. Slik skal det prøvast om de talar sant. Gjer de ikkje det, er de spionar, så sant som farao lever.» 17Så heldt han dei i forvaring i tre dagar. 18Tredje dagen sa Josef til dei: «Gjer de som eg seier, skal de få leva, for eg fryktar Gud. 19No får vi sjå om de er ærlege. Ein av brørne dykkar skal vera att i forvaring medan de andre skal dra i veg med korn til dei som svelt heime hos dykk. 20Kom så hit til meg med yngste bror dykkar. Då er ordet dykkar til å lita på, og de skal sleppa å døy.» Og såleis gjorde dei. 21Dei sa til kvarandre: «Sanneleg, vi er skuldige! Vi såg at bror vår var i stor naud då han bad oss om nåde, men vi høyrde ikkje på han. Difor er vi òg no komne i naud.» 22Ruben svara dei: «Sa eg ikkje at de ikkje måtte gjera guten noko vondt? Men de ville ikkje høyra, så no blir det kravd hemn for blodet hans.» 23Dei visste ikkje at Josef skjøna dette, for han brukte tolk. 24Og han snudde seg frå dei og gret. Så kom han att og tala med dei. Og han tok Simon og batt han framfor auga deira. 25Josef baud at sekkene deira skulle fyllast med korn. Pengane skulle leggjast tilbake i sekkene, og dei skulle få mat med på vegen. Og slik vart det gjort. 26Så leste dei kornet på esla og drog derifrå. 27Men ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fôr der dei overnatta. Då fekk han auge på pengane, for dei låg øvst i sekken. 28Han sa til brørne: «Pengane mine er lagde tilbake! Sjå, dei ligg i sekken min!» Med hjartet i halsen sa dei skjelvande til kvarandre: «Kva er det Gud har gjort mot oss?» 29Så kom dei heim til far sin Jakob i Kanaan. Dei fortalde han alt det som hadde hendt dei: 30«Mannen som er herre i landet, tala strengt til oss og tok oss for å vera slike som ville spionera der i landet. 31Då sa vi til han: Vi er ærlege folk og ikkje spionar. 32Vi var tolv brør, søner av same far. Ein av oss er ikkje meir, og den yngste er i dag heime hos far vår i Kanaan. 33Mannen som er herre i landet, sa då til oss: Slik skal eg vita om de er ærlege: Lat ein av brørne bli att hos meg, ta så med dykk det de treng til dei som svelt heime hos dykk, og dra i veg. 34Kom så til meg med den yngste bror dykkar. Då kan eg vita at de ikkje er spionar, men ærlege folk. Så skal de få att bror dykkar, og de kan handla fritt i landet.» 35Då dei tømde sekkene, fann kvar av dei pengepungen sin der. Både dei og far deira vart redde då dei fekk auge på pengepungane. 36Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er ikkje meir, Simon er ikkje meir, og no vil de ta Benjamin. Alt går meg imot.» 37Då sa Ruben til far sin: «Du kan ta livet av begge sønene mine dersom eg ikkje kjem att til deg med Benjamin. Gjev han over i mi hand, og eg skal føra han tilbake!» 38Men han svara: «Son min skal ikkje dra ned saman med dykk. Bror hans er død, og han er åleine att. Blir han ramma av ei ulukke på reisa de no legg ut på, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.» 1Hungersnauda låg tungt over landet. 2Då dei hadde brukt opp kornet dei henta i Egypt, sa far deira: «Dra av stad att og kjøp litt mat til oss!» 3Men Juda svara: «Mannen åtvara oss og sa: De får ikkje tre fram for meg om ikkje bror dykkar er med dykk. 4Dersom du sender bror vår med oss, skal vi dra ned og kjøpa mat til deg. 5Men dersom du ikkje gjer det, dreg vi ikkje. For mannen sa til oss: De får ikkje tre fram for meg utan at bror dykkar er med dykk.» 6Då sa Israel: «Kvifor gjorde de meg vondt og fortalde mannen at de har endå ein bror?» 7Dei svara: «Mannen spurde oss nøye ut både om oss sjølve og om slekta vår. Han sa: Lever far dykkar enno? Har de nokon bror? Og vi svara på det han spurde om. Korleis kunne vi vita at han ville seia: Kom hit med bror dykkar!» 8Då sa Juda til Israel, far sin: «Send guten med meg! Lat oss bryta opp og dra av stad, så vi kan leva og ikkje døy, både vi, du og borna våre. 9Eg skal svara for han; frå mi hand kan du krevja han att. Kjem eg ikkje att med han og set han framfor deg, vil eg vera skuldig for deg heile mitt liv. 10Hadde vi ikkje drygd så lenge, kunne vi no ha nådd fram og tilbake to gonger.» 11Då sa Israel, far deira, til dei: «Er det ikkje anna råd, så gjer slik: Ta med i sekkene dykkar ei gåve til mannen, noko av det beste som finst i landet, litt balsam og litt honning, gummi og harpiks, pistasjnøtter og mandlar! 12Og ta dobbelt så mange pengar med dykk, så de kan levera tilbake pengane de fekk att, dei som låg øvst i sekkene. Kanskje det var eit mistak. 13Ta så bror dykkar, bryt opp og dra tilbake til mannen! 14Måtte Gud, Den veldige, la dykk finna miskunn hos denne mannen, så han sender med dykk den andre bror dykkar og Benjamin. Skal eg bli barnlaus, så blir eg barnlaus.» 15Så tok mennene med seg denne gåva, dobbelt så mange pengar, og Benjamin. Dei braut opp og drog ned til Egypt og steig fram for Josef. 16Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til styraren for huset sitt: «Før desse mennene heim, slakt og stell til, for dei skal eta hos meg ved middagstid!» 17Mannen gjorde som Josef sa. Han tok dei med inn i huset til Josef. 18Men då dei vart førte inn i huset til Josef, vart dei redde. Dei sa: «Det er vel på grunn av pengane som vart lagde tilbake i sekkene våre førre gongen, at vi blir førte hit. No kan dei overfalla oss, kasta seg over oss, gjera oss til slavar og ta esla våre.» 19Dei gjekk bort til styraren for Josefs hus og tala med han ved inngangen til huset. 20«Orsak, herre», sa dei, «vi har vore her nede ein gong før og kjøpt mat. 21Men då vi slo leir for natta og opna sekkene våre, fann kvar av oss pengane øvst i sekken, det var våre eigne pengar i si fulle vekt. No har vi dei med oss attende. 22Vi har òg med oss meir pengar til å kjøpa mat for. Vi veit ikkje kven som la pengane i sekkene våre.» 23Då sa han: «Fred vere med dykk, ver ikkje redde! Dykkar Gud, Gud til far dykkar, har gjeve dykk ein skatt i sekkene. Pengane dykkar har eg fått.» Så førte han Simon ut til dei. 24Sidan førte mannen dei inn i huset til Josef. Han gav dei vatn så dei fekk vaska føtene, og han gav fôr til esla deira. 25Og dei gjorde gåva klar før Josef skulle koma ved middagstid, for dei hadde høyrt at dei skulle eta der. 26Så kom Josef heim, og dei bar fram gåva dei hadde med seg inn i huset, og kasta seg til jorda for han. 27Han spurde korleis det stod til med dei. Så sa han: «Står det bra til med den gamle far dykkar som de tala om? Lever han enno?» 28«Ja», svara dei, «det står bra til med far vår, tenaren din, han lever enno.» Dei bøygde seg og kasta seg ned for han. 29Då fekk han auge på Benjamin, bror sin, og sa: «Er dette yngste bror dykkar, han de fortalde meg om? Gud vere deg nådig, son min!» 30Josef skunda seg bort, for kjærleiken til broren loga opp i han, så han måtte gråta. Og han gjekk inn i kammeret sitt og gret. 31Så vaska han seg i andletet og gjekk ut att. Han la band på seg og sa: «Set fram maten!» 32Dei sette fram for han og for brørne og for egyptarane som åt hos han, kvar for seg. For egyptarane kunne ikkje eta i lag med hebrearane; det var noko avskyeleg for dei. 33Brørne fekk sitja rett framfor Josef, den eldste øvst og den yngste nedst. Då såg dei på kvarandre og undrast. 34Han lét dei få av rettene på sitt eige bord, og han lét Benjamin få fem gonger så mykje som dei andre. Og dei drakk seg fulle saman med han. 1Sidan sa Josef til styraren for huset sitt: «Fyll sekkene til desse mennene med korn, så mykje dei orkar å bera, og legg pengane til kvar av dei øvst i sekken! 2Legg så begeret mitt, sølvbegeret, øvst i sekken til den yngste, saman med kornpengane hans!» Og han gjorde som Josef sa. 3Då det vart lyst neste morgon, vart dei sende av stad med esla sine. 4Dei drog ut frå byen, men var ikkje komne langt før Josef sa til styraren: «Set etter mennene! Når du tek dei att, skal du seia: Kvifor løner de godt med vondt? 5Er ikkje dette det begeret som herren min drikk av, og som han spår i? Det er vondt, det de har gjort!» 6Han tok dei att og sa dette til dei. 7Men dei svara han: «Kvifor seier herren vår dette? Det kunne ikkje falla tenarane dine inn å gjera noko slikt! 8Sjå, pengane vi fann øvst i sekkene våre, tok vi med oss tilbake til deg frå Kanaan. Kvifor skulle vi stela sølv eller gull frå huset til herren din? 9Den av tenarane dine som begeret blir funne hos, skal døy, og vi andre skal vera slavar for herren vår.» 10Han svara: «Det skal bli som de seier denne gongen òg. Den som begeret blir funne hos, skal vera slaven min, de andre skal vera utan skuld.» 11Så skunda dei seg og lyfte kvar sin sekk ned på jorda og opna dei. 12Han undersøkte dei, byrja hos den eldste og enda hos den yngste. Og begeret vart funne i sekken til Benjamin. 13Då reiv dei sund kleda sine, leste på kvart sitt esel og drog tilbake til byen. 14Då Juda og brørne hans kom inn i huset til Josef, var Josef der enno. Og dei kasta seg til jorda for han. 15Josef sa til dei: «Kva er det de har gjort? Veit de ikkje at ein mann som eg kan spå?» 16«Kva skal vi svara, herre?» sa Juda. «Kva kan vi seia? Korleis kan vi visa at vi er skuldlause? Gud har funne skuld hos tenarane dine. No er vi slavane dine, herre, både vi og han begeret vart funne hos.» 17Men Josef sa: «Det kunne ikkje falla meg inn å gjera slikt! Mannen som hadde begeret, skal vera slaven min. De andre kan dra opp til far dykkar.» 18Då gjekk Juda bort til han og sa: «Orsak, herre. Høyr kva tenaren din har å seia, og bli ikkje sint på tenaren din, du er då sjølv lik farao. 19Herren min spurde tenarane sine: Har de nokon far eller bror? 20Og vi svara: Vi har ein gammal far, og han fekk ein gut på sine gamle dagar. Bror til guten er død, og han er åleine att etter mor si. Far hans elskar han. 21Då sa du til tenarane dine: Kom ned til meg med han så eg kan sjå han med eigne auge! 22Men vi svara herren vår: Guten kan ikkje gå frå far sin; gjer han det, døyr faren. 23Men du sa til tenarane dine: Kjem ikkje yngste bror dykkar hit saman med dykk, skal de ikkje få tre fram for meg. 24Då vi så kom heim att til far vår, tenaren din, fortalde vi han kva du hadde sagt, herre. 25Han sa: Dra av stad att og kjøp litt mat til oss. 26Vi svara: Vi kan ikkje dra ned utan at den yngste bror vår er med. Dreg vi utan bror vår, får vi ikkje sjå mannen. 27Då sa far vår, tenaren din, til oss: De veit at kona mi fødde meg to søner. 28Den eine vart borte for meg. Eg sa at han sikkert var riven i hel, og eg har ikkje sett han sidan. 29Om de òg tek denne frå meg og det skulle skje ei ulukke med han, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket. 30Kjem eg no til far min, tenaren din, utan guten som han med heile si sjel er så knytt til, 31då døyr han når han ser at guten ikkje er med oss. Tenarane dine kjem til å senda far vår, tenaren din, gråhåra og sorgtung ned i dødsriket. 32For eg, tenaren din, svara for ungguten framfor far vår og sa: Kjem eg ikkje att til deg med han, er eg skuldig for far min heile mitt liv. 33Lat no tenaren din vera att som slave for herren min i staden for guten. Så kan han dra opp saman med brørne sine. 34For korleis skulle eg kunna dra opp til far min utan guten og sjå den sorga som då ville koma over han?» 1Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod omkring han. Han ropa: «Lat alle gå ut herifrå!» Såleis var det ingen andre til stades då Josef lét brørne sine få vita kven han var. 2Han brast i gråt så høgt at egyptarane høyrde det, og huset til farao fekk høyra om det. 3Så sa Josef til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne kunne ikkje svara han; dei stod framfor han, slegne av skrekk. 4Josef sa til dei: «Kom hit til meg!» Dei gjekk bort til han, og han sa:Eg er Josef, bror dykkar, han de selde til Egypt. 5Ver no ikkje sorgfulle og døm ikkje dykk sjølve fordi de selde meg. Det var for å berga liv at Gud sende meg føre dykk. 6I to år har det vore hungersnaud i landet, og i enno fem år skal det korkje bli pløgd eller hausta. 7Men Gud sende meg i førevegen for å la dykk bli ein rest på jorda, så de skal leva og mange bli berga. 8Så det var ikkje de som sende meg hit, men Gud. Han sette meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt. 9Skund dykk, dra opp til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje! 10Du skal få bu i Gosen og vera nær meg, både du og borna og barneborna dine, småfeet og storfeet ditt og alt du eig. 11Eg skal syta for deg der, for enno kjem det fem år med hungersnaud. Korkje du eller ditt hus eller nokon av dine skal lida naud.» 12No ser de med eigne auge, både de og Benjamin, bror min, at det er eg som talar til dykk. 13Fortel far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett. Skund dykk, kom hit ned med far. 14Så kasta han seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret på skuldra hans. 15Han kyste alle brørne sine og gret med dei. Etter dette tala brørne med han. 16Då dei fekk høyra i huset til farao at brørne til Josef var komne, vart farao og tenarane hans glade. 17Farao sa til Josef: «Sei til brørne dine: Dette skal de gjera: Less på dyra dykkar og far heim att til Kanaan! 18Ta så far dykkar og huslydane dykkar og kom til meg. Så skal eg gje dykk det beste landet i Egypt, og de skal eta av det feitaste i landet. 19Du skal by dei å gjera dette: Ta med vogner frå Egypt til kvinnene og borna! Hent far dykkar og kom hit! 20De skal ikkje bry dykk om tinga de eig, for det beste i heile Egypt skal høyra dykk til.» 21Israels søner gjorde så. Josef gav dei vogner, slik farao hadde sagt, og mat på vegen. 22Han gav nye klede til kvar av dei. Til Benjamin gav han tre hundre sjekel sølv og fem klesskift. 23Til far sin sende han ti esel med noko av det beste som fanst i Egypt, og ti eselhopper som bar treskt korn og brød og mat som faren skulle ha på reisa. 24Så sende han brørne sine av garde. Då dei drog, sa han: «De må ikkje krangla på vegen!» 25Dei drog opp frå Egypt og kom til far sin, Jakob, i Kanaan. 26Dei fortalde: «Josef lever. Han er styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjartet, for han trudde dei ikkje. 27Då fortalde dei han alt det Josef hadde sagt dei, og han fekk sjå vognene som Josef hadde sendt for å henta han. Då livna Jakob til. 28«Dette er stort!» sa Israel. «Josef, son min, lever enno! Eg vil reisa og sjå han før eg døyr.» 1Så braut Israel opp med alt det han hadde. Då han kom til Beer-Sjeba, ofra han slaktoffer til han som var Gud til Isak, far hans. 2Gud tala til Israel i eit syn om natta og sa: «Jakob, Jakob!» Og han svara: «Her er eg.» 3Så sa han: «Eg er Gud, Gud til far din. Ver ikkje redd for å dra ned til Egypt, for eg vil gjera deg til eit stort folk der. 4Eg går med deg ned til Egypt, men eg skal føra deg opp att òg. Og handa til Josef skal lukka auga dine.» 5Så reiste Jakob frå Beer-Sjeba. Israels-sønene lyfte Jakob, far sin, kvinnene og borna opp i vognene som farao hadde sendt for å henta han. 6Dei tok med seg buskapen og alle eigedelane dei hadde samla seg i Kanaan. Så kom Jakob og heile ætta hans med han til Egypt. 7Han hadde med seg heile ætta si til Egypt, sønene og sonesønene, døtrene og sonedøtrene. 8Dette er namna på israelittane som kom til Egypt, Jakob og etterkomarane hans: Ruben, den førstefødde sonen til Jakob 9og sønene hans: Henok, Pallu, Hesron og Karmi; 10sønene til Simon: Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, son til ei kvinne frå Kanaan; 11sønene til Levi: Gersjon, Kehat og Merari; 12sønene til Juda: Er, Onan, Sjela, Peres og Serah – Er og Onan døydde i Kanaan; Peres hadde sønene Hesron og Hamul; 13sønene til Jissakar: Tola, Puvva, Job og Sjimron; 14sønene til Sebulon: Sered, Elon og Jahleel. 15Dette var sønene til Lea, som ho fødde Jakob i Paddan-Aram. I tillegg fekk ho dottera Dina. I alt var det trettitre søner og døtrer. 16Sønene til Gad: Sifjon, Haggi, Sjuni, Esbon, Eri, Arodi og Areli; 17sønene til Asjer: Jimna, Jisjva, Jisjvi og Beria, dessutan Serah, syster deira. Beria hadde sønene Heber og Malkiel. 18Dette var borna til Silpa, som Laban gav Lea, dotter si. Desse fødde ho Jakob, seksten i talet. 19Sønene til Rakel, kona til Jakob, var Josef og Benjamin. 20Josef fekk born i Egypt. Asenat, dotter til presten i On, Potifera, fødde han Manasse og Efraim. 21Sønene til Benjamin: Bela, Beker, Asjbel, Gera, Naaman, Ehi, Rosj, Muppim, Huppim og Ard. 22Dette var sønene til Rakel, som ho fødde Jakob, fjorten i talet. 23Son til Dan: Husjim; 24sønene til Naftali: Jahseel, Guni, Jeser og Sjillem. 25Dette var sønene til Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si. Desse fødde ho Jakob, sju i talet. 26Dei som kom med Jakob til Egypt, og som stamma frå han, var sekstiseks i talet, forutan sonekonene hans. 27Josef hadde to søner som vart fødde i Egypt. Dei som kom med Jakobs hus til Egypt, var sytti i talet. 28Jakob sende Juda føre seg til Josef for at han skulle visa veg til Gosen. Og dei kom til landet Gosen. 29Josef spente for vogna og drog opp for å møta Israel, far sin, i Gosen. Då han fekk sjå han, kasta han seg om halsen på han og gret lenge på skuldra hans. 30Så sa Israel til Josef: «No kan eg døy, for no har eg sett andletet ditt og veit at du enno lever!» 31Josef sa til brørne sine og dei andre i familien: Eg vil dra opp og fortelja dette til farao. Eg vil seia at brørne mine og familien min, som var i Kanaan, har kome til meg. 32Mennene er gjetarar og lever av buskapen sin. Småfeet og storfeet og alt dei eig, har dei teke med seg. 33Når så farao kallar på dykk og spør: «Kva har de til leveveg?» 34skal de svara: «Tenarane dine har levd av buskapen frå ungdomen av og til no, vi som fedrane våre.» Då får de bu i Gosen, for gjetarar er noko avskyeleg for egyptarane. 1Josef gjekk og fortalde dette til farao. Han sa: «Far min og brørne mine er komne frå Kanaan med småfeet og storfeet sitt og alt dei eig. No er dei i Gosen.» 2Han tok ut fem av brørne sine og førte dei fram for farao. 3Farao sa til brørne: «Kva har de til leveveg?» Dei svara han: «Tenarane dine er gjetarar, vi som fedrane våre. 4Vi er komne for å bu her i landet», sa dei til farao. «Tenarane dine fann ikkje beite for småfeet sitt, for hungersnauda låg tungt over Kanaan. Lat no tenarane dine få bu i Gosen!» 5Då sa farao til Josef: «Far din og brørne dine er komne til deg. 6Heile Egypt ligg ope framfor deg. Lat far din og brørne dine bu i den beste delen av landet! Dei kan bu i Gosen. Og veit du at det finst dugande folk blant dei, så gjev dei ansvaret for buskapen min.» 7Josef henta far sin og førte han fram for farao, og Jakob helsa farao. 8«Kor gammal er du?» spurde farao. 9Jakob svara: «Eg har vandra omkring som ein framand i 130 år. Få og vonde har leveåra mine vore. Dei har vore færre enn leveåra til fedrane mine den tid dei vandra omkring.» 10Så velsigna Jakob farao og gjekk bort frå han. 11Josef lét far sin og brørne sine busetja seg i Egypt. Han gav dei eigedom i den beste delen av landet, i Ramses, slik som farao hadde sagt. 12Og Josef sytte for mat til far sin og brørne sine og heile familien til far sin, alt etter talet på borna deira. 13Det fanst ikkje mat i heile landet, for hungersnauda var svært hard. Egypt og Kanaan var avkrefta av svolt. 14Josef samla då alle pengane som fanst i Egypt og Kanaan, det folk hadde gjeve for kornet dei hadde kjøpt, og Josef tok pengane med til huset åt farao. 15Men då det var slutt på pengane i Egypt og Kanaan, kom alle egyptarane til Josef og sa: «Gjev oss mat! Skal vi døy for auga dine? Vi har ikkje meir pengar.» 16Josef svara: «Kom hit med buskapen dykkar. Eg vil gje dykk korn for buskapen dersom det er slutt på pengane.» 17Då kom dei til Josef med buskapen sin, og Josef gav dei korn for hestane, småfeet, storfeet og esla. Slik sytte han for korn til dei det året, i byte mot heile buskapen deira. 18Året gjekk, og året etter kom dei til han og sa: «Vi vil ikkje løyna for herren vår at det er slutt på pengane og buskapen. No har vi ikkje anna å by deg enn oss sjølve og jorda vår. 19Kvifor skal vi døy for auga dine, både vi og jorda vår? Kjøp oss og jorda vår i byte for mat, så skal vi med jorda vår vera slavar for farao! Gjev oss såkorn, så vi kan leva og ikkje døy, og jorda vår ikkje blir lagd aud!» 20Og Josef kjøpte all jord i Egypt til farao. Egyptarane selde alle åkrane sine, for hungersnauda var hard. Slik vart farao eigar av all jord i landet. 21Folket flytte han til byane, frå den eine enden av Egypt til den andre. 22Berre jorda til prestane kjøpte han ikkje, for prestane hadde ei fastsett inntekt frå farao. Dei åt av det han gav dei, og selde difor ikkje jorda si. 23Josef sa til folket: «I dag har eg kjøpt dykk og jorda dykkar til farao. Her har de såkorn slik at de kan så til åkrane! 24De skal gje farao ein femtedel av avlinga. Dei fire andre delane skal de ha til såkorn og mat for dykk og huslydane og borna dykkar.» 25Då svara dei: «Du har berga livet vårt. Berre du ser på oss med velvilje, herre, skal vi vera slavar for farao.» 26Så gjorde Josef dette til ei lov som gjeld den dag i dag for jorda i Egypt, at farao skulle ha ein femtedel. Berre jorda til prestane høyrde ikkje farao til. 27Israel vart buande i Egypt, i Gosen. Dei fekk seg eigedom der, var fruktbare og vart svært talrike. 28Jakob levde 17 år i Egypt. Han levde i 147 samfulle år. 29Då det nærma seg tida då Israel skulle døy, kalla han på Josef, son sin, og sa: «Om du har velvilje for meg, så legg handa di i fanget mitt. Ver god og trufast mot meg så du ikkje gravlegg meg i Egypt! 30Når eg går til kvile hos fedrane mine, før meg då opp frå Egypt og legg meg i grava deira!» «Eg skal gjera som du seier», svara Josef. 31Då sa Jakob: «Sver på det for meg!» Og han svor på det. Så bøygde Israel seg i bøn ved hovudgjerda. 1Ei tid etter dette hadde hendt, vart det sagt til Josef: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg dei to sønene sine, Manasse og Efraim. 2Det vart meldt til Jakob at Josef, son hans, var komen til han. Då gjorde Israel seg sterk og sette seg opp i senga. 3Jakob sa til Josef:Gud, Den veldige, synte seg for meg i Lus i Kanaan og velsigna meg. 4Han sa til meg: «Sjå, eg vil gjera deg fruktbar og talrik og gjera deg til ei forsamling av mange folk. Eg gjev etterkomarane dine dette landet i eige til evig tid.» 5No skal dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit, høyra meg til. Efraim og Manasse skal høyra meg til slik Ruben og Simon gjer. 6Men dei borna du fekk etter dei, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei skal arva. 7Då eg kom frå Paddan, døydde Rakel frå meg på reisa. Det var i Kanaan, eit stykke før vi kom til Efrat. Eg gravla henne der på veg til Efrat, det er Betlehem. 8Så fekk Israel sjå sønene til Josef. «Kven er desse?» spurde han. 9Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kom til meg med dei, så eg kan velsigna dei!» 10Israels auge var tyngde av alder, så han kunne mest ikkje sjå. Josef førte dei til han, og far hans kyste dei og slo armane rundt dei. 11Israel sa til Josef: «Eg trudde ikkje eg skulle få sjå andletet ditt att, men no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!» 12Så tok Josef dei ned frå fanget hans og bøygde seg med andletet mot jorda. 13Sidan tok Josef begge to og leidde dei fram til han, Efraim i den høgre handa, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre handa, til høgre for Israel. 14Men Israel strekte ut den høgre handa og la henne på hovudet til Efraim, endå han var yngst, og den venstre la han på hovudet til Manasse. Han kryssa altså armane. Men Manasse var den eldste. 15Så velsigna han Josef og sa: «Fedrane mine, Abraham og Isak, levde for Guds andlet. Gud har vore min hyrding frå første stund til denne dag, 16engelen som har løyst meg ut frå alt vondt. Må han velsigna gutane! Gjennom dei skal namnet mitt leva, og namnet til Abraham og Isak, fedrane mine. Måtte dei veksa og bli talrike i landet!» 17Josef såg at faren la høgre handa på hovudet til Efraim, og han mislika det. Han tok handa til far sin og ville flytta henne frå hovudet til Efraim til hovudet til Manasse. 18«Ikkje slik, far!» sa Josef til far sin. «For dette er den førstefødde, legg høgre handa på hovudet hans!» 19Men faren nekta. Han sa: «Eg veit det, son min, eg veit det! Han skal òg bli til eit folk, han skal òg bli stor, men bror hans, som er yngre, skal bli større. Ætta hans skal bli til mange folkeslag.» 20Så velsigna han dei den dagen og sa: «Ved deg skal Israel velsigna og seia: Måtte Gud gjera deg som Efraim og Manasse!»Han sette altså Efraim føre Manasse. 21Sidan sa Israel til Josef: «No skal eg døy. Men Gud vil vera med dykk og føra dykk tilbake til landet åt fedrane dykkar. 22Eg gjev deg ein bergrygg meir enn brørne dine. Den har eg med sverd og boge teke frå amorittane.» 1Jakob kalla sønene sine til seg og sa: Kom saman, så vil eg fortelja kva som skal henda dykk i dagar som kjem: 2Kom saman og høyr, de Jakobs søner, høyr på Israel, far dykkar! 3Ruben, du er min førstefødde, mi kraft og den første frukta av min manndom, størst i heider, størst i makt. 4Men du brusar over som vatnet, difor skal du ingen føremon ha. For då du steig opp i senga til far din, vanæra du henne – i leiet mitt steig han opp. 5Simon og Levi er brør. Våpna deira er reiskapar for vald. 6Mi sjel, møt ikkje i deira råd! Mi ære, ver ikkje med i deira forsamling! For i sinne drap dei menn, sjølvrådige skamskar dei oksar. 7Forbanna er sinnet deira, for det er kraftig, og raseriet deira, for det er veldig! Eg vil splitta dei i Jakob og spreia dei ut i Israel. 8Juda, deg prisar brørne dine, du har handa på nakken til fienden, sønene til far din bøyer seg for deg. 9Ein løveunge er Juda! Frå byttet reiser du deg opp, son min. Han legg seg til ro og strekkjer seg som ei løve, som ei løvinne – kven vekkjer han? 10Septer skal ikkje vika frå Juda eller herskarstav frå føtene hans til eigaren kjem, han som folka skal lyda. 11Han bind eselet i vinstokken, eselfolen i den edle ranka. Han vaskar kleda sine i vin, kjortelen i drueblod. 12Auga hans er mørkare enn vin, tennene kvitare enn mjølk. 13Sebulon bur ved havsens kyst, kysten der skipa legg til, grensa hans går til Sidon. 14Jissakar er eit velbygd esel som ligg mellom to kløvkorger. 15Han såg at det var godt å kvila, og at landet var fagert. Då bøygde han nakken under børa og vart ein ufri slave. 16Dan skal dømma sitt folk som ein av Israels stammar. 17Dan skal vera ein slange ved vegen, ein giftig orm på stigen. Han høgg hesten i hælane så ryttaren ryk på ryggen. 18– Eg ventar på di frelse, Herre. 19Gad blir herja av røvarflokkar, men går sjølv til åtak og forfølgjer dei. 20Frå Asjer kjem det god mat, han set fram kongelege retter. 21Naftali er ei hind som spring fritt; han talar vakre ord. 22Josef er eit ungt frukttre, eit ungt frukttre ved kjelda; greinene kliv opp etter muren. 23Bogeskyttarane gjer han bitter, dei skyt på han og strider mot han. 24Men bogen hans er stø, armar og hender er leduge takka vere Jakobs Mektige, han som er gjetaren, Israels Fjell, 25Gud til far din, han som hjelper deg, Den veldige, han som velsignar deg med signing frå himmelen der oppe, med signing frå djupet der nede, med signing frå bryst og morsliv. 26Velsigningane frå far din er rikare enn velsigningane frå dei evige fjella, enn herlegdomen til dei eldgamle høgdene. Lat dei koma over Josefs hovud, over issen på han som er fyrste blant brørne sine! 27Benjamin er ein jagande ulv. Om morgonen et han rovet, om kvelden deler han byttet. 28Dette er alle Israels stammar, tolv i talet, og dette sa far deira til dei. Han velsigna dei og gav kvar av dei si eiga velsigning. 29Jakob gav dei dette påbodet: «No skal eg bli sameina med folket mitt. Gravlegg meg då hos fedrane mine i hòla på marka til hetitten Efron! 30Det er den hòla som er på Makpela-marka, austafor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad. 31Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea. 32Marka og hòla der er kjøpte frå hetittane.» 33Då Jakob hadde gjeve sønene sine dette påbodet, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og vart sameina med folket sitt.

Les i nettbibelen