Abraham og Isak

Abram var gammal, og Sarai fekk ingen barn.
Likevel sa Gud: «Du skal bli far til mange folkeslag.
Frå no av skal du heite Abraham – far til mange.
Sarai skal heite Sara – mor til kongar.
Lev for ansiktet mitt – ver heil i alt du gjer!»

Åra gjekk, men omsider
blei det slik Gud hadde lova.
Magen til Sara voks, og ho lo av glede.
Då sonen blei fødd, kalla ho han Isak.
Namnet betyr «han skal le».
Den vesle guten voks, til glede for alle.

Men ein dag sette Gud Abraham på prøve.
Gud sa: «Abraham! Ta med deg Isak,
sonen din som du er så glad i,
dra til Moria-fjella for å ofre til meg,
og bruk sonen din som offerlam!»

Det var ei mørk natt for Abraham.
Men neste morgon gjorde han eselet klart,
tok med seg ved og mat, tenarar og sonen.
Etter tre dagar såg dei fjellet dei skulle til.

Han tok berre med seg veden og Isak opp.
Dei gjekk saman, dei to, og Isak sa:
«Du far? Kvar er offerlammet vårt?»
«Gud vil sjå seg ut eit lam», svarte Abraham.
Dei gjekk vidare opp mot fjellet, dei to.

Oppe på fjellet bygde Abraham eit alter,
la veden på plass og gjorde alt klart,
men det dukka ikkje opp noko offerlam.

Då tok han Isak, la han på alteret,
la sonen som han var så glad i, på veden,
løfta kniven, såg bort, var klar.
Då ropte Herrens engel: «Stans!
Gjer ikkje guten noko!»

Og då Abraham såg seg rundt,
såg han ein vêr som hang fast
i eit kratt bak han.
Dei la vêren på veden, ofra og brende han.

Då ropte Herrens engel igjen:
«Fordi du gjorde dette og ikkje sparte
den einaste sonen din, vil eg velsigne deg rikt.
Slekta di skal bli talrik som stjernene.
Fordi du høyrde på meg,
skal alle folkeslag vere velsigna ved deg.»

Då gjekk Abraham og Isak tilbake.
Dei fann tenarane og eselet
og kom seg heim til Sara.
Der venta nyheita om at ei jente var fødd
hos ein av slektningane i Nahors by.
Ho heitte Rebekka.
«Framtida ser lys ut, Isak»,
sa Sara til sonen sin og smilte.