Heilagdommen

Då Israelsfolket vandra ut frå Egypt,
viste Gud dei den vegen dei skulle gå.
Han gjekk framfor dei i ei skysøyle om dagen
og lyste for dei i ei eldsøyle om natta.

Israelsfolket gjekk gjennom ørkenen,
og dei budde i telt.
Ein dag sa Moses: «Tida er inne.
Vi skal lage eit telt for Gud,
ein heilag stad der vi kan møte han.
Gud har fortalt meg
korleis teltet skal vere.»

Då kom heile folket med gåver.
Dei ville at det heilage teltet skulle bli fint.

Moses gav oppdraget til kunstnaren Besalel.
Kunstnaren fekk mange med seg.
Dei laga teltduk av raudfarga skinn.
Dei sette opp plankar av akasietre.
Somme vov vakre forheng av stoff i purpur
med bilete av kjerubar med vengjer.

Kunstnaren laga paktkista i akasietre
med kjerubar av gull på loket,
og i kista la han steintavlene med dei ti boda.
Han laga òg ein sjuarma lysestake
av reint gull.

Saman med Moses sette folket opp teltet,
og rundt det sette dei opp eit gjerde av voven lin.

Plassen mellom gjerdet og teltet
kalla dei forgarden,
og der stod offeralteret
med eit bål som alltid brann.

Då alt var ferdig, var folk glade.
Dei venta spent på kva som ville skje.
Då såg dei korleis skysøyla
som hadde leidd dei,
senka seg ned over teltet og fylte det.
Dei sa til kvarandre: «Sjå, Gud bur hos oss!»

Kvar gong skya løfta seg frå teltet,
braut folket opp og reiste vidare.
Men når skya ikkje løfta seg,
heldt dei seg i ro.
Guds sky låg over heilagdommen om dagen,
og om natta lyste han som eld,
så lenge vandringa varte.

Les historia i Bibelen

7Moses brukte å ta teltet og slå det opp eit godt stykke utanfor leiren. Han kalla det teltheilagdomen. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren. 8Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg og vart ståande ved inngangen til kvart sitt telt. Dei såg etter Moses til han var komen inn i teltet. 9Og når Moses var komen inn i teltet, kom skysøyla ned og vart ståande ved inngangen til teltet, og han tala til Moses. 10Når folket såg skysøyla stå ved inngangen til teltet, reiste dei seg alle saman, bøygde seg og tilbad, kvar ved si teltopning. 11Så tala Herren med Moses, andlet til andlet, slik som menneske snakkar med kvarandre. Sidan gjekk Moses tilbake til leiren. Men tenaren hans, ein ung gut som heitte Josva, son til Nun, gjekk aldri frå teltet.

Les i nettbibelen