Samuel

Israelsfolket budde i det nye landet.
Åra gjekk.
Ei kvinne som heitte Hanna,
budde i ei av fjellbygdene.
Ho var gift, men fekk ikkje barn.
Ein gong ho var i tempelet i Sjilo, bad ho:
«Gud, ikkje gløym meg!
La meg få ein son,
så skal han tene deg heile livet!»

Gud høyrde bøna til Hanna.
Før eit år var gått, fødde ho ein gut,
og ho kalla han for Samuel.
Namnet betyr «Gud har høyrt».

Då Samuel var tre år gammal,
tok mora han med til Sjilo.
Ho sa: «Du skal bu her i tempelet,
men eg kjem tilbake og besøkjer deg.»
Så gjekk ho, og Samuel blei igjen i tempelet.

Han hjelpte den gamle presten.
Dei tende lysa i den sjuarma lysestaken.
Han sov ved paktkista og passa på henne.

Det gjekk nokre år.
Ei natt vakna Samuel av at Gud ropte på han.
Han stod opp av senga og sprang inn til presten.

«Her er eg», sa han. «Du ropte på meg.»
Men presten sa: «Nei, eg ropte ikkje på deg.
Gå og legg deg igjen.»

Samuel gjorde som presten sa, og sovna.
Då høyrde han Guds stemme igjen: «Samuel!»
Han stod opp og sprang inn til presten.
«Her er eg», sa han. «Du ropte på meg.»
Men presten svarte: «Nei, eg ropte ikkje på deg,
sonen min. Gå tilbake og legg deg.»

Samuel gjekk tilbake til senga,
men det same skjedde igjen.
Han høyrde namnet sitt, sprang inn til presten
og sa: «Her er eg», og då forstod presten det.
Han forstod at det var Gud som ropte på guten.
Presten sa: «Gå og legg deg!
Og roper han på deg igjen, skal du svare:
Tal, Herre, tenaren din høyrer!»

Så gjekk Samuel og la seg på plassen sin.
Då kom Gud, stilte seg framfor han
og ropte som før: «Samuel, Samuel!»
Og Samuel svarte: «Tal, tenaren din høyrer!»
Gud talte til Samuel
og bad han å fortelje vidare kva Gud hadde sagt.
Det gjorde Samuel.
Slik blei han Guds profet,
og ein av leiarane for folket.

Heile livet lytta han til Guds stemme
og fortalde folket kva Gud hadde sagt.

Les historia i Bibelen

1Guten Samuel gjorde no teneste for Herren under tilsyn av Eli. I dei dagane kom det sjeldan ord frå Herren, og av syn var det få. 2Så var det ein gong Eli låg og sov på den faste plassen sin. Auga hans var så svake at han ikkje kunne sjå. 3Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod. 4Då ropa Herren på Samuel. Han svara: «Her er eg», 5og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg; du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!» Så gjekk han og la seg. 6Då ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli. «Her er eg», sa han; «du ropa på meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, son min. Gå og legg deg!» 7Samuel kjende enno ikkje Herren, for Herrens ord var ikkje openberra for han. 8Så ropa Herren ein tredje gong på Samuel. Han stod opp og gjekk inn til Eli. «Her er eg», sa han; «du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten, 9og han sa til Samuel: «Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tal, Herre, tenaren din høyrer!» Så gjekk Samuel og la seg på plassen sin. 10Då kom Herren, stilte seg framfor han og ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tal, tenaren din høyrer!» 11Herren sa til Samuel: «No vil eg gjera noko i Israel som får det til å ringja for øyra på alle som høyrer om det. 12Den dagen skal Eli bli råka av alt det eg har varsla om hans hus, frå først til sist. 13Eg har kunngjort for han at eg vil dømma hans hus for alle tider. For han kjende til synda – at sønene hans forbanna Gud. Likevel tala han dei ikkje til rette. 14Difor har eg svore mot Elis hus: Aldri skal deira skuld kunna sonast, korkje med slaktoffer eller offergåver.» 15Samuel vart liggjande til det var morgon. Då opna han dørene til Herrens hus; men han våga ikkje å fortelja Eli om synet. 16Då ropa Eli på han og sa: «Samuel, son min!» «Her er eg», svara han. 17Eli spurde: «Kva var det han sa til deg? Løyn det ikkje for meg! Måtte Gud la det gå deg ille både no og sidan om du løyner for meg noko av det han sa til deg.» 18Så fortalde Samuel alt saman og løynde ingen ting for han. Då sa Eli: «Han er Herren. Han må gjera som han tykkjer best.» 19Så voks Samuel opp. Herren var med han og lét ikkje nokon av orda hans falla maktlause til jorda. 20Då skjøna heile Israel frå Dan til Beer-Sjeba at Samuel hadde vorte tiltrudd å vera profet for Herren. 21Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord.

Les i nettbibelen