Mennesket i hagen

Gud hadde skapt himmelen og jorda.
Han hadde skapt ein hage for menneska
der mannen og kvinna gjekk omkring.
Dei var nakne, men dei skamma seg ikkje.

«Vi kan ete av alle trea her», sa mannen,
«berre ikkje treet som står midt i hagen,
det som gir kunnskap om godt og vondt.»
Kvinna heldt seg unna treet.
Men så kom slangen.
Han var listigare enn alle ville dyr.
Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt
at de ikkje kan ete av noko tre i hagen?»

«Nei», sa kvinna,
«vi kan ete av alle trea bortsett frå eitt.
Gud har sagt at dersom vi et av det,
skal vi døy.»

Då sa slangen til kvinna:
«De skal slett ikkje døy!
Den dagen de et av treet,
vil auga dykkar bli opna,
og de blir som Gud!
De vil kjenne godt og vondt.»

Kvinna såg nøye på treet.
Frukta såg utruleg god ut.
Så ho strekte ut handa og plukka,
åt, gav frukta til mannen
som stod rett ved sida av henne,
og han åt òg.

Då såg dei at dei var nakne,
og dei skamma seg.
Dei dekte seg til og gøymde seg
då dei høyrde skritta til Gud gjennom hagen.

Gud ropte på mannen: «Kvar er du?»
«Her», sa mannen og kom fram.
«Eg gøymde meg fordi eg var naken.»
«Kven har sagt deg at du er naken?
Har du ete av det forbodne treet?»
sa Gud til mannen.
«Det var ikkje meg», sa mannen,
«det var kvinna som lurte meg!»
«Slangen lurte meg», sa kvinna.

Då sa Gud til slangen: «Du skal vere forbanna!»
Til kvinna sa han: «Du skal føde i smerte.»
Til mannen sa han: «Du skal slite for å skaffe mat.
Og døden er kommen inn i verda.»

Gud laga klede av skinn til dei.
Så forviste han dei frå Edens hage
for å dyrke jorda.

Les historia i Bibelen

1Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» 2Kvinna sa til slangen: «Vi kan eta av frukta på trea i hagen. 3Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy.» 4Då sa slangen til kvinna: «De skal slett ikkje døy! 5Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.» 6No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt. 7Då vart auga deira opna, og dei skjøna at dei var nakne. Dei fletta saman fikenblad og batt kring livet. 8Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen. 9Men Herren Gud ropa på mannen og sa: «Kvar er du?» 10Han svara: «Eg høyrde lyden av deg i hagen og vart redd fordi eg er naken, og eg gøymde meg.» 11Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?» 12Mannen svara: «Kvinna som du gav meg å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.» 13Herren Gud spurde kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Slangen narra meg, og eg åt.» 14Då sa Herren Gud til slangen: «Forbanna er du, utstøytt frå alt fe og alle ville dyr fordi du gjorde dette. På buken skal du krypa, og støv skal du eta alle dine levedagar. 15Eg vil setja fiendskap mellom deg og kvinna, mellom di ætt og hennar ætt. Han skal råka hovudet ditt, men du skal råka hælen hans.» 16Til kvinna sa han: «Tungt vil eg gjera ditt strev når du er med barn, med smerte skal du føda. Etter mannen din skal du trå, og han skal herska over deg.» 17Og til mannen sa han: «Fordi du høyrde på kvinna og åt av treet som eg forbaud deg å eta av, er jorda forbanna for di skuld. Med strev skal du næra deg av henne alle dine levedagar. 18Ho skal la torn og tistel spira fram for deg, og du skal eta det som veks på marka. 19Med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, heilt til du vender attende til jorda, for av henne er du teken. Støv er du, og til støv skal du venda attende.» 20Mannen kalla kvinna Eva, for ho vart mor til alle som lever. 21Herren Gud laga klede av skinn til mannen og kvinna og kledde dei. 22Herren Gud sa: «Sjå! Mennesket har vorte som ein av oss og kjenner godt og vondt. Berre det no ikkje retter ut handa og tek av livsens tre òg, så det et og lever evig!» 23Herren Gud viste mennesket ut frå Edens hage og sette det til å dyrka jorda, som det var teke av. 24Han dreiv mennesket ut, og aust for Edens hage sette han kjerubane og det flammande sverdet som blir svinga utan stans. Dei skulle vakta vegen til livsens tre.

Les i nettbibelen