Jesus kallar læresveinar

Peter hadde vore ute på sjøen heile natta.
Kalde, våte hender heldt rundt årene.
Fiskarane rodde mot land mens dagen vakna.
Peter mumla: «Ingen fisk i natt.»

Inne på land var mange folk samla
for å høyre Jesus fortelje.
«Har de fått noko?» ropte Jesus til Peter.
«Legg ut på djupet og set garnet til fangst.»
Peter svarte: «Vi har strevd heile natta
og ikkje fått ein einaste liten fisk.
Men på ditt ord kan vi prøve igjen.»

Så dei gjorde som han sa.
Dei rodde ut på djupet igjen,
kasta garna og venta.
Og no skjedde det noko.
Sjøen tok til å syde og koke;
han var full av fisk!
Garna blei så fulle av fisk
at dei heldt på å rivne!

«Ta i med oss, de i den andre båten!»
Dei fylte båtane med fisk,
og det blei så fullt at dei nesten sokk.

Vel inne med fangsten fall Peter på kne.
Kinna brann. Han skamma seg djupt.
«Gå frå meg, Herre! Du er frå Gud,
og eg er eit menneske. Eg tvilte på deg!»
«Følg meg!» sa Jesus og smilte til han.
«Frå no av skal du fiske menneske.»

Les historia i Bibelen

1Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaretsjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. 2Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde stige ut av dei og heldt på å skylja garna. 3Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folket frå båten. 4Då han hadde tala ferdig, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk.» 5«Meister», svara Simon, «vi har streva i heile natt og ikkje fått noko. Men på ditt ord vil eg setja garna.» 6Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at garna heldt på å rivna. 7Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. 8Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» 9For både han og alle som var med han, vart fulle av otte og undring over fiskefangsten dei hadde fått. 10Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.» 11Så rodde dei båtane i land, gjekk frå alt og følgde han.

Les i nettbibelen