Moses i korga

Slekta til Jakob fekk bu i Egypt, og dei fekk mange barn.
Josef hadde ordna alt til det beste for dei.
Etter ei tid døydde Jakob, og sidan Josef og brørne hans.

Så gjekk det mange år, og slekta til Jakob voks.
Dei blei kalla Israels folk der i det framande landet.
Ein ny farao kom til makta i Egypt.
Han hugsa ikkje Josef, som hadde redda dei frå å svelte.
Han såg berre at utlendingane blei fleire og fleire.

Det likte han ikkje, for kva ville skje om fiendar kom?
Ville utlendingane slå seg saman med dei?
Ville dei kjempe mot egyptarane og overta landet?
Han bestemte seg for å gjere Israels folk til slavar.
Han tvang dei til å arbeide for han.
Han piska dei til å byggje byar i Egypt.

Men endå så hardt han dreiv dei,
endå så mange teglstein dei måtte støype,
endå så mange tårer dei gret kvar dag,
så blei Israels folk fleire og fleire.

«Dei nyfødde må døy!» befalte farao.
«Dei framande må ikkje bli fleire enn oss.»
Han bad jordmødrene drepe dei nyfødde
gutebarna.

Men to av jordmødrene, Sjifra og Pua,
følgde ikkje ordren.
Dei lét gutane leve
og lest som om kvinnene hadde fødd
før jordmødrene kom.

Folket blei stort og svært talrikt.
Farao visste ikkje kva han skulle gjere.
Han befalte egyptarane: «Redd landet!
Kast kvar nyfødde israelsgut i Nilen!»

Men hans eiga dotter følgde ikkje ordren.
Ein dag ho bada i elva, fann ho ei sivkorg.
I korga låg eit spedbarn. Det var ein gut.
Prinsessa skjønte godt kva folk han høyrde til,
men sa: «Denne guten skal vere sonen min.
Eg vil kalle han Moses, som betyr ‘å dra opp’,
for eg har drege han opp av vatnet.»

Slik redda ho guten som mange år seinare
skulle bli mannen som redda Israelsfolket
frå slaveri.

Les historia i Bibelen

1Dette er namna på Israels søner som kom til Egypt; dei kom saman med Jakob, kvar med sin huslyd: 2Ruben, Simon, Levi og Juda, 3Jissakar, Sebulon og Benjamin, 4Dan og Naftali, Gad og Asjer. 5Dei var i alt sytti personar, dei som stamma frå Jakob. Josef var alt i Egypt. 6Så døydde Josef og alle brørne hans og heile dette slektsleddet. 7Men israelittane var fruktbare, dei auka, vart mange og svært talrike. Landet vart fullt av dei. 8Det stod fram ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste om Josef. 9Han sa til folket sitt: «Sjå, Israelsfolket har vorte for stort og talrikt for oss. 10Kom, lat oss gå klokt til verks mot dei, så dei ikkje blir endå fleire! For blir det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og dreg frå landet.» 11Difor sette dei oppsynsmenn til å plaga israelittane med tvangsarbeid. Dei måtte byggja to forrådsbyar for farao, Pitom og Ramses. 12Men di meir dei vart plaga, di fleire vart dei, og di meir breidde dei seg utover. Og egyptarane vart redde israelittane. 13Dei tvinga israelittane til slavearbeid 14og gjorde livet bittert for dei. Dei påla dei hardt arbeid med leire og teglstein og allslags arbeid ute på marka. Alt dette slavearbeidet vart israelittane tvinga til å gjera. 15Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearane – den eine heitte Sjifra og den andre Pua: 16«Når de hjelper hebrearkvinnene til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, skal ho få leva.» 17Men jordmødrene frykta Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen hadde sagt dei. Dei lét gutane leva. 18Då kalla egyptarkongen jordmødrene til seg og sa: «Kvifor gjer de dette? De lèt gutane leva!» 19Jordmødrene svara farao: «Hebrearkvinnene er ikkje som dei egyptiske. Dei er meir livskraftige. Før jordmora kjem til dei, har dei fødd.» 20Då gjorde Gud vel imot jordmødrene, og folket vart stort og overlag talrikt. 21Og fordi jordmødrene frykta Gud, gav han dei etterkomarar. 22Då gav farao heile folket sitt dette påbodet: «Kvar nyfødd gut skal de kasta i Nilen, men døtrene skal de la leva!» 1Det var ein mann av Levis hus som gifte seg med ei levitt-dotter. 2Kvinna vart med barn og fødde ein son. Då ho såg at det var ein fin gut, gøymde ho han i tre månader. 3Men då ho ikkje kunne halda han gøymd lenger, laga ho ei korg av papyrusrøyr til han. Den tetta ho med bek og tjøre. Så la ho guten oppi korga og sette henne ut i sivet ved bredda av Nilen. 4Syster hans stilte seg opp eit stykke unna for å sjå korleis det gjekk med han. 5Då kom dotter til farao ned til elva for å bada, medan dei unge jentene i følgjet hennar gjekk att og fram langs elvebredda. Ho fekk auge på korga i sivet og sende ei av tenestejentene for å henta henne. 6Så opna ho korga og fekk sjå guten, eit lite barn som låg og gret. Ho syntest synd på han og sa: «Dette er eit av guteborna til hebrearane.» 7Då sa syster hans til faraos dotter: «Skal eg gå og finna ei hebrearkvinne som kan amma guten for deg?» 8«Ja, gå!» sa dotter til farao. Så gjekk den unge jenta og henta mor til guten. 9Dotter til farao sa til henne: «Kan du ta denne guten og amma han for meg? Eg skal løna deg for det.» Og kvinna tok guten og amma han. 10Guten voks opp, og ho gjekk til faraos dotter med han, og guten vart ein son for henne. Ho gav han namnet Moses, «for eg har drege han opp or vatnet», sa ho.

Les i nettbibelen