Dei ti boda

Israels folk hadde vandra i ørkenen i tre månader.
Då dei kom til fjellet Sinai, slo dei leir.
Moses gjekk opp på Sinai for å møte Gud.

Oppe på fjellet sa Gud til Moses:
«Hugs korleis eg berga dykk.
Eg vil inngå ei pakt med dykk.
Dersom de følgjer boda mine,
skal de vere eit dyrebart og heilagt folk.»

Moses gjekk ned til folket og talte.
Folket sa: «Vi vil følgje Herren.»
Då la ei tung sky seg over fjellet,
det lynte og tora, fjellet rista,
og lyden av bukkehorn ljoma.

Folket skalv av frykt,
og dei blei redde for å døy.
«Ikkje tal til oss, Gud!» ropte dei.
«Tal til oss gjennom Moses!»
Dei blei ståande langt borte frå fjellet
mens Moses gjekk nærmare skya.

Av Gud fekk han dei ti boda.
Gud sa:
«Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
Du skal ikkje misbruke Guds namn.
Du skal halde kviledagen heilag.
Du skal heidre far og mor, då går det godt.
Du skal ikkje slå i hel.
Du skal ikkje bryte ekteskapet.
Du skal ikkje stele.
Du skal ikkje snakke usant om nesten din.
Du skal ikkje trå etter
eigedommen til nesten din.
Du skal ikkje trå etter ektefellen
eller arbeidsfolka til nesten din
eller noko anna som høyrer nesten din til.»

Moses kom tilbake frå fjellet.
Han fortalde dei kva Gud hadde sagt.
Då folket høyrde boda, bøygde dei seg.
Dei sa: «Alt Gud har sagt, vil vi gjere.»

Les historia i Bibelen

1Israelittane kom til Sinai-ørkenen i den tredje månaden etter utferda frå Egypt, på nymånedagen. 2Dei braut opp frå Refidim og kom til Sinai-ørkenen. Israelittane slo leir der i ørkenen, dei slo leir framfor fjellet. 3Moses gjekk opp til Gud. Då ropa Herren til han frå fjellet: «Dette skal du seia til Jakobs hus og fortelja til israelittane: 4De har sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg. 5Dersom de lyder mi røyst og held mi pakt, skal de vera min kostelege eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi. 6De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg. Dette er dei orda du skal tala til israelittane.» 7Då Moses kom tilbake, kalla han saman dei eldste i folket og la fram for dei alle dei orda som Herren hadde pålagt han. 8Og heile folket svara samrøystes: «Alt det Herren har sagt, skal vi gjera.» Dette svaret bar Moses tilbake til Herren. 9Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg kjem til deg i ei tett sky, så folket kan høyra når eg talar med deg. Då vil dei stola på deg for alltid.» Moses fortalde Herren kva folket hadde sagt. 10Herren sa til Moses: «Gå til folket. Du skal helga dei i dag og i morgon, og dei skal vaska kleda sine. 11Den tredje dagen skal dei halda seg klare, for på den dagen skal Herren stiga ned på Sinai-fjellet for auga på heile folket. 12Du skal dra ei grense framfor folket og seia: Ta dykk i vare, så de ikkje går opp på fjellet eller rører ved foten av det! Kvar den som rører ved fjellet, skal døy. 13Inga hand må røra han. Han skal steinast eller skytast. Anten det er eit dyr eller eit menneske, skal det ikkje få leva. Når det lyder ein lang hornstøyt, kan de gå opp på fjellet.» 14Så gjekk Moses ned frå fjellet til folket. Han helga dei, og dei vaska kleda sine. 15Han sa til folket: «Hald dykk klare den tredje dagen! Kom ikkje nær noka kvinne!» 16Då det vart morgon tredje dagen, byrja det å torna og lyna. Ei tung sky la seg over fjellet, og det gjalla høgt frå bukkehorn. Alt folket i leiren skalv av redsle. 17Men Moses førte folket ut frå leiren for å møta Gud, og dei stilte seg ved foten av fjellet. 18Heile Sinai-fjellet stod i røyk fordi Herren hadde stige ned på det i eld. Røyken steig opp som frå ein smelteomn, og heile fjellet skalv. 19Lyden av bukkehorn vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara han med høg røyst. 20Då steig Herren ned på toppen av Sinai-fjellet. Herren kalla Moses opp til toppen av fjellet, og Moses gjekk opp. 21Herren sa til han: «Gå ned og åtvar folket, så dei ikkje trengjer seg fram til Herren for å sjå! For då kjem mange av dei til å falla. 22Jamvel prestane, som elles får stiga fram for Herren, må helga seg, for at Herren ikkje skal bryta inn blant dei.» 23Då sa Moses til Herren: «Folket kan ikkje gå opp på Sinai-fjellet, for du har sjølv åtvara oss og sagt: Dra ei grense rundt fjellet og lys det heilagt!» 24Herren sa til han: «Gå ned, og kom så opp att saman med Aron! Men prestane og folket må ikkje trengja seg fram for å gå opp til Herren, for då bryt han inn blant dei.» 25Då gjekk Moses ned til folket og sa det til dei. 1Gud tala alle desse orda: 2Eg er Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset. 3Du skal ikkje ha andre gudar enn meg. 4Du skal ikkje laga deg gudebilete, inga etterlikning av noko som er oppe i himmelen eller nede på jorda eller i vatnet under jorda. 5Du skal ikkje tilbe dei og ikkje la deg lokka til å dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein nidkjær Gud som straffar borna i tredje og fjerde slektsledd for synda til fedrane når dei hatar meg, 6men viser trufast kjærleik i tusen slektsledd mot dei som elskar meg og held boda mine. 7Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud, for Herren lèt ikkje den gå fri som misbruker namnet hans. 8Hugs på sabbatsdagen og hald han heilag. 9Seks dagar skal du arbeida og gjera all di gjerning, 10men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje slaven din eller slavekvinna di, korkje buskapen din eller innflyttaren som bur i byane dine. 11For på seks dagar laga Herren himmelen og jorda, havet og alt som er i dei; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og helga han. 12Du skal heidra far din og mor di, så du kan leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg. 13Du skal ikkje slå i hel. 14Du skal ikkje bryta ekteskapet. 15Du skal ikkje stela. 16Du skal ikkje vitna falskt mot nesten din. 17Du skal ikkje trå etter huset til nesten din. Du skal ikkje trå etter kona til nesten din, slaven eller slavekvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

Les i nettbibelen