Ny himmel og ny jord

Johannes var på fangeøya Patmos.
Han sat utanfor hòla si ein søndag morgon
og såg ut over det spegelblanke havet.

Han tenkte på dei kristne inne på fastlandet.
Dei blei forfølgde fordi dei var kristne.
Korleis gjekk det med dei?
Johannes hadde vore leiaren deira,
men keisaren hadde teke han til fange.
Kor mange andre var òg førte bort?

Då høyrde han ei mektig stemme bak seg.
Han snudde seg, og der stod Jesus.
Han likna seg sjølv slik Johannes hugsa han,
men var samtidig annleis:
håret var så kvitt som ull,
auga så brennande som eld,
og stemma runga i øyra til Johannes
då han sa: «Ver ikkje redd!
Skriv ned det du ser og høyrer.»

Og Johannes såg –
at ei dør var opna i himmelen.
Han gjekk inn gjennom døra og såg ei trone.
Gud sjølv sat på trona,
og alle rundt han song lovsongar.
Lammet var der, Lammet som var slakta,
det opna ein bokrull.

Og Johannes såg ‒
han såg alt som skulle skje: den store kampen
mellom det vonde og det gode.
Han såg sigeren,
korleis det vonde ein gong skal bli overvunne.

Og han såg –
den nye jorda
der alt er friskt og reint og godt,
der Gud tørkar alle tårer frå kinna,
der skrik og sorg og alt som gjer vondt,
og alt som skil menneska, er blitt borte.
Jesus sa: «Sjå, eg kjem snart.»
Så blei han borte.

Johannes var åleine.
Han sat framleis utanfor hòla.
Det var søndag morgon, og spegelblankt hav
skilde han frå dei han var glad i inne på fastlandet.
Han begynte å skrive: «Ver ikkje redd!»

Les historia i Bibelen

9Eg, Johannes, som er bror dykkar og saman med dykk har del i trengslene, i riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus. 10På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei røyst bak meg, sterk som ein basun. 11Røysta sa: «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.» 12Eg snudde meg for å sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju lysestakar av gull, 13og midt mellom lysestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og auga som logande eld, 15føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16I si høgre hand hadde han sju stjerner, og frå munnen hans gjekk det ut eit skarpt, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft. 17Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:«Ver ikkje redd! Eg er den første og den siste 18og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nøklane til døden og dødsriket. 19Skriv no ned det du har sett, det som er, og det som heretter skal koma. 20Dette er løyndomen med dei sju stjernene du såg i mi høgre hand, og dei sju lysestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju forsamlingane, og dei sju lysestakane er dei sju forsamlingane.»

Les i nettbibelen

1Deretter såg eg, og sjå! – ei dør var opna i himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»

Les i nettbibelen

1Etter dette høyrde eg noko som likna eit mektig kor frå ein stor skare i himmelen. Dei song: Halleluja! Sigeren og æra og makta tilhøyrer vår Gud, 2for sanne og rettferdige er hans dommar. Han har dømt den store hora, ho som øydela jorda med horeriet sitt, og blodet av tenarane sine har han kravd av hennar hand. 3Endå ein gong ropa dei: Halleluja! Røyken frå henne stig opp i all æve. 4Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på trona, og sa: «Amen. Halleluja!» 5Og frå trona kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle hans tenarar, de som ottast han, små og store!» 6Då var det som eg høyrde lyden av ein stor skare, eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Dei ropa: «Halleluja! Herren vår Gud, Den allmektige, har vorte konge! 7Lat oss gleda oss og jubla og gje han æra! For tida er komen då Lammet skal halda bryllaup. Brura har gjort seg klar, 8og det er gjeve henne ei drakt av skinande reint lin.» Linet er dei rettferdige gjerningane til dei heilage. 9Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet hos Lammet.» Og han sa: «Dette er Guds sanne ord.» 10Eg kasta meg ned for føtene hans og ville tilbe han. Men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar liksom du og syskena dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden i profetordet. 11Og eg såg himmelen open, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, heiter Trufast og Sannferdig, for han dømmer og strider med rettferd. 12Auga hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han har eit namn innskrive som ingen kjenner utan han. 13Han er kledd i ei kappe som er dyppa i blod, og namnet hans er Guds Ord. 14Himmelhærane, kledde i kvitt og reint lin, følgjer han på kvite hestar. 15Og ut or munnen hans går det eit skarpt sverd; med det skal han slå folkeslaga ned. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt med vreidevin, med harmen frå Gud, Den allmektige. 16På kappa og ved hofta har han eit namn skrive: Kongen over kongane og herren over herrane.

Les i nettbibelen

1Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. 2Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. 3Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud. 4Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.»

Les i nettbibelen