Jeriko

Då Moses døydde, blei Josva leiar for Israelsfolket.
Josva førte folket inn i landet som Gud hadde lova dei.
Men først måtte dei krysse elva Jordan,
som fløymde over på denne tida.

Ei natt mens dei låg i leir ved Jordan,
sende Josva i hemmelegheit to spionar til byen Jeriko,
som låg på den andre sida av elva.
Spionane klatra opp langs bymuren.
Heilt øvst, inne i muren, var det eit hus.
Der budde det ei kvinne som heitte Rahab.
Ho var snill mot dei og gav dei mat.
I all hast gøymde ho dei under halmen oppe på taket
då kongens menn kom for å leite etter spionane.
Rahab lurte vaktene og sa at dei framande hadde reist.
Om natta firte ho spionane ned frå vindauget med eit tau.
«Vi har høyrt om korleis Gud hjelpte dykk
gjennom Sivsjøen og ørkenen», sa ho til dei.
«Då mista vi motet på grunn av dykk.
Men når de går inn i Jeriko: Spar familien min og meg!
Ver gode mot oss, slik eg har gjort godt mot dykk!»
Då bad dei henne binde ei raud snor i vindauget,
som teikn på at folk i dette huset skulle vere beskytta.

Spionane kom tilbake til Josva og fortalde kva dei visste om byen.
«Tida er inne», sa Josva. «Vi kryssar Jordan.»
Han bad prestane gå først med paktkista mellom seg.
Og i det same føtene deira rørte ved vassflata,
stansa flaumvatnet ovanfrå
og stod som ein voll langt borte.
Israelsfolket kryssa elva på tørr grunn.
Folk i byane omkring høyrde om underet, og dei skalv.

Ein dag gjekk Josva litt for seg sjølv.
Då møtte han ein mann med løfta sverd i handa.
«Er du med oss eller med fiendane våre?» spurde Josva.
«Nei, eg er føraren for Herrens hær», svarte mannen.
«No er eg kommen.»

Då fall Josva ned med ansiktet mot jorda,
for han skjønte at han hadde møtt ein engel.

Då Josva kom tilbake til folket,
sa han: «Eg veit at Jeriko skal bli vår.
Men vi skal ikkje slåst for å ta byen.
Vi skal gå og blåse i horn.»
Folket gjorde som han sa.
Dei slost ikkje, men gjekk i staden rundt bymuren
med paktkista på skuldrene mens dei bles i bukkehorn.
Slik gjorde dei éin gong om dagen i seks dagar.
Den sjuande dagen gjekk dei sju gonger rundt byen.
Då prestane bles i bukkehorna den sjuande gongen,
ropte heile folket høgt.
I det same styrta muren ned,
og folket gjekk rett inn i byen.

Jeriko blei lagd i grus,
men Rahab og familien hennar blei berga.

Les historia i Bibelen

1Jeriko var lukka og stengd for israelittane. Ingen gjekk ut, og ingen gjekk inn. 2Men Herren sa til Josva: «Sjå, eg gjev Jeriko med kongen og dei modige krigarane hans i dine hender. 3De skal omringa byen; alle krigarane skal gå rundt byen éin gong. Det skal du gjera i seks dagar. 4Sju prestar skal bera sju bukkehorn føre paktkista. På den sjuande dagen skal de gå sju gonger rundt byen, og prestane skal blåsa i bukkehorna. 5Når hornet læt, når de høyrer lyden frå bukkehorna, skal heile folket setja i eit høgt rop. Då skal bymuren rasa saman, så kvar og ein kan gå rett inn i byen.» 6Josva, son til Nun, kalla prestane til seg og sa: «Lyft opp paktkista. Sju prestar skal bera sju bukkehorn føre Herrens kiste.» 7Til folket sa han: «Gå rundt byen! Krigarane skal gå føre Herrens kiste.» 8Då Josva hadde tala til folket, gjekk dei sju prestane som bar dei sju bukkehorna, framfor Herren og bles i horna, medan Herrens paktkiste følgde etter dei. 9Krigarane gjekk føre prestane som bles i horna, og baktroppen følgde etter kista. Dei gjekk, og horna ljoma. 10Josva hadde bode folket: «Rop ikkje krigsrop, gjev ikkje lyd frå dykk og la ikkje eit ord koma frå munnen dykkar før den dagen eg seier at de skal ropa! Då skal de gjera det.» 11Så lét han Herrens paktkiste bli ført éin gong rundt byen. Sidan gjekk dei tilbake til leiren og overnatta der. 12Neste morgon stod Josva tidleg opp, og prestane lyfte opp Herrens kiste. 13Dei sju prestane som bar dei sju bukkehorna, gjekk framfor Herrens kiste og bles i horna heile tida. Krigarane gjekk føre dei, baktroppen følgde etter Herrens kiste, og horna ljoma heile tida. 14Dei gjekk éin gong rundt byen denne andre dagen og vende så attende til leiren. Dette gjorde dei i seks dagar. 15Den sjuande dagen stod dei opp ved daggry og gjekk på same måten rundt byen, sju gonger. Det var berre den dagen dei gjekk sju gonger rundt byen. 16Den sjuande gongen prestane bles i horna, sa Josva til folket: «Rop! For Herren har gjeve dykk byen. 17Byen og alt som er i han, skal vera bannlyst og høyra Herren til. Berre den prostituerte Rahab og alle som er i huset hennar, skal få leva fordi ho løynde mennene vi sende ut. 18Pass dykk for det som er bannlyst, så de ikkje blir freista til å ta av det. For då blir Israels leir òg bannlyst, og de fører ulukke over han. 19Alt sølv og gull og alle ting av kopar og jern skal gjerast heilagt for Herren og koma i Herrens skattkammer.» 20Folket ropa medan prestane bles i bukkehorna. Med det same folket høyrde lyden frå horna, sette dei i eit høgt rop. Muren rasa saman, og kvar og ein gjekk rett inn i byen. Så tok dei byen.

Les i nettbibelen