Jerusalem fell

Israels rike var blitt delt då kong Salomo døydde.
Folket bad til andre gudar og braut pakta med Gud.
Begge rika blei invaderte.
Først blei Nordriket teke,
og sidan blei Jerusalem i sør trua.

Den siste kongen i sør var ingen god konge,
han gjorde akkurat som han sjølv ville.
Han leidde folket i opprør, men blei slått.

Kongen av Babel sende hærane sine mot dei
og omringa Jerusalem i to år.
Folk innanfor bymurane svalt.
Då dei ikkje hadde meir mat igjen,
braut fienden gjennom muren og storma inn.

Heile folket blei ført som fangar til Babel,
berre dei aller fattigaste fekk bli igjen.
Bak dei brann byen og tempelet.
Alle skattane deira var røva.
Dei gret då dei blei førte bort,
men ingen redda dei.
Hadde Gud forlate dei?

Dei kom til Babel, og litt etter litt
begynte dei å forstå at Gud var der òg.
Dei lengta tilbake til Jerusalem og Juda-landet,
men dei var ikkje forlatne her i framandt land.

Dei heldt saman og oppmuntra kvarandre,
dei begynte å halde høgtider,
og dei samla skriftene sine.
Folket frå Juda blei til jødefolket der, i eksil.
No hugsa og visste dei kven dei var.

Tida gjekk.
Etter sytti år fekk jødefolket beskjed om
at dei kunne dra heim igjen.
Dei trudde ikkje sine eigne øyre.
Dei gjekk mot heimlandet som i ein draum.
Tenk at dette skulle skje mens dei levde!

Dei fekk ta med seg tempelskattane som var røva,
og så reiste dei tilbake for å byggje opp Jerusalem.
Dei bygde bymuren opp att.
Husa og tempelet blei reiste.
Det tok si tid.

Då dei endeleg var ferdige,
bad dei presten om å hente bokrullen der Lova var skriven, den dei hadde fått frå Gud.
Menn og kvinner stod i timevis og lytta
mens presten las høgt.
Dei forstod ikkje det gamle språket,
men nokon omsette og forklarte det som blei lese.

Då dei høyrde og forstod Lova, gret dei alle.
Men presten sa: «Tørk tårene!
I dag skal vi halde fest og vere glade.
Send mat som gåver til dei som ikkje har noko!
For no er vi verkeleg komne heim igjen.»

Les historia i Bibelen

9Jojakin var åtte år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens auge. 10Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar bod og lét han henta til Babel, saman med kostesame ting frå Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, bror til Jojakin, til konge i Juda og Jerusalem. 11Sidkia var tjueein år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. 12Han gjorde det som vondt var i Herren hans Guds auge. Og han audmjuka seg ikkje for Jeremia, profeten som tala ord frå Herrens munn. 13Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stivnakka og hardhjarta og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud. 14Leiarane for prestane og folket vart òg meir og meir trulause, og dei tok etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga. Dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem. 15Herren, deira fedrars Gud, sende bod til dei seint og tidleg gjennom bodberarane sine, for han ville skåna folket sitt og bustaden sin. 16Men dei hånte Guds sendebod, spotta orda hans og heldt profetane hans for narr, heilt til Herrens harme mot folket sitt vart så stor at det ikkje meir fanst råd. 17Då lét han kaldearkongen dra opp mot dei. Han drap dei unge mennene deira med sverd i heilagdomen og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Alt vart gjeve over i kongens hender. 18Alt utstyret i Guds hus, både stort og smått, og skattane i Herrens hus og skattane til kongen og stormennene hans – alt tok han med seg til Babel. 19Så brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei i brann, og dei øydela alle kostesame ting. 20Dei som slapp unna sverdet, førte han i eksil til Babel. Der vart dei slavar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta. 21Såleis vart Herrens ord gjennom Jeremia oppfylt. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsåra sine, så lenge det låg audt, til sytti år var gått. 22I det første året Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han for at det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia, skulle bli oppfylt. Persarkongen Kyros sende då ut ei kunngjering i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg: 23«Så seier Kyros, kongen av Persia: Herren, himmelens Gud, har gjeve meg alle kongerike på jorda, og han har pålagt meg å byggja eit hus for han i Jerusalem i Juda. Kven av dykk høyrer til hans folk? Må Herren hans Gud vera med han. Lat han fara opp!»

Les i nettbibelen

1Då samla folket seg, alle som ein, på plassen framfor Vassporten. Dei bad Esra, den skriftlærde, henta boka med Moselova, som Herren hadde gjeve Israel. 2Og presten Esra bar fram lova for forsamlinga, både menn og kvinner, alle som kunne skjøna det dei høyrde. Det var den første dagen i den sjuande månaden. 3Han las i lovboka på plassen framfor Vassporten frå morgongry til midt på dagen for mennene og kvinnene, alle som kunne skjøna. Heile folket lytta til lovboka. 4Esra, den skriftlærde, stod på ein tram av tre som dei hadde laga til dette. På høgre sida hans stod Mattitja, Sjema, Anaja, Uria, Hilkia og Maaseja, og på venstre sida Pedaja, Misjael, Malkia, Hasjum, Hasjbaddana, Sakarja og Mesjullam. 5Esra opna boka framfor auga til alt folket, for han stod høgare enn dei andre. Då han opna henne, reiste alt folket seg. 6Esra velsigna Herren, den store Gud, og alt folket lyfte hendene medan dei sa: «Amen, amen.» Så bøygde dei seg ned og tilbad Herren med andletet mot jorda. 7Levittane Josva, Bani, Sjerebja, Jamin, Akkub, Sjabbetai, Hodia, Maaseja, Kelita, Asarja, Josabad, Hanan og Pelaja forklara lova for folket, som vart ståande. 8Dei las opp frå Guds lovbok medan dei tolka og forklara det som vart lese, slik at folket skulle skjøna. 9Statthaldaren Nehemja, presten Esra, den skriftlærde, og levittane som underviste folket, sa då til folkemengda: «Denne dagen er heilag for Herren dykkar Gud. De skal ikkje sørgja og ikkje gråta!» For heile folket gret då dei høyrde det som stod i lova. 10Han sa så til dei: «Gå og et feite retter og drikk søt vin, og send mat som gåver til dei som ikkje har noko! For denne dagen er heilag for vår Herre. Ver ikkje fylte av sorg! For gleda i Herren er dykkar styrke.» 11Levittane roa folkemengda og sa: «Ver stille, for dette er ein heilag dag. Ver ikkje fylte av sorg!» 12Då gjekk alt folket for å eta og drikka og senda gåver. Dei laga ein stor fest, for dei hadde skjøna det som vart sagt dei.

Les i nettbibelen