Jesus forkynner


Jesus gjekk opp i fjellet og sette seg ned.
Læresveinane kom etter og samla seg rundt han.
Etter dei følgde ei mengd folk,
og dei blei fleire og fleire mens Jesus talte.

Jesus sa: «Sjå på fuglane.
Dei er ikkje uroa for noko.
Gud gir dei det dei treng.»
Han peikte på blomstrane og sa:
«Sjå, så vakre dei er,
vakrare enn kong Salomo i all si prakt!
Når Gud gjer blomstrane så fine
og sørgjer for at fuglane får mat,
kor mykje meir skal han ikkje sørgje for dykk?
Ikkje ver urolege.»

Og Jesus heldt fram: «Når de ber,
skal de ikkje berre ramse opp ord.
Gud veit kva de treng.
Be heller slik:
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.»

Han såg på folkemengda og sa til alle:
«Alt de vil at andre skal gjere mot dykk,
det skal de gjere mot dei.»

Og til slutt fortalde han dei ei historie:
«Den som høyrer orda mine og gjer det dei seier,
liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell.
Regnet styrta, elvene fløymde over,
og vindane bles og slo mot huset.
Men det fall ikkje, for det var bygd på fjell.
Og den som høyrer orda mine og ikkje gjer det dei seier,
liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand.
Regnet styrta, elvene fløymde over,
og vindane bles og slo mot huset.
Då fall det, og fallet var stort.»

Då Jesus var ferdig med den lange talen,
gjekk han ned frå fjellet.
Den store folkemengda følgde etter.

Les historia i Bibelen

1Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han. 2Då tok han til orde og lærte dei: 3«Sæle dei som er fattige i ånda, himmelriket er deira. 4Sæle dei som sørgjer, dei skal bli trøysta. 5Sæle dei audmjuke, dei skal arva jorda. 6Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta. 7Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn. 8Sæle dei reine i hjartet, dei skal sjå Gud. 9Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born. 10Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira. 11Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. 12Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.

Les i nettbibelen