Jesus og Pilatus


Om natta blei Jesus teken til fange
og ført til huset til øvstepresten.
Då morgonen kom, førte dei han vidare
til den romerske landshøvdingen, Pontius Pilatus.
Overprestane sa til Pilatus
at fangen hadde gjort seg fortent til dødsstraff.

Pilatus forhøyrde Jesus.
Han spurde: «Er du kongen over jødane?»
«Du seier det», svarte Jesus.
«Kva gale har du gjort?» spurde Pilatus.
«Eg er kommen til verda
for å fortelje om sanninga», svarte Jesus.
«Kva er sanning?» spurde Pilatus.

Så gjekk han ut og talte til folkemengda
som hadde samla seg framfor borga hans.
Han sa til dei: «Kvart år ved påske
pleier eg å setje ein fange fri.
I år får de velje:
Vil de at Barabbas skal bli fri,
eller vel de Jesus frå Nasaret?»
Barabbas var ein mordar.
«Gi Barabbas fri!» ropte folkemengda.
«Men Jesus frå Nasaret,
kva skal eg gjere med han?»
«Krossfest han!» ropte dei.

Pilatus klarte ikkje å overtale dei.
Då vaska han hendene sine for å vise
at han ikkje hadde ansvar for dødsdommen.
Så lét han Barabbas gå fri
og gav ordre til soldatane sine
om å piske Jesus og krossfeste han.

Soldatane fletta ei krone av tornar
og trykte henne ned på hovudet til Jesus.
Dei la ei purpurkappe over skuldrene hans,
som skjulte blodet etter piskeslaga.
«Ver helsa, du, konge over jødane!» lo dei
og slo han i ansiktet.

Då Pilatus såg korleis soldatane hadde behandla Jesus,
prøvde han igjen å få folket til å ombestemme seg.
Han førte Jesus fram for folket og sa:
«Sjå på dette mennesket!»
Men folket ropte endå høgare enn før:
«Krossfest! Krossfest!»
Då tok soldatane Jesus med seg
og tvang han til å bere krossen sin
til avrettingsstaden utanfor byen.

Last ned gratis fargeleggingsark

Les historia i Bibelen

11Så vart Jesus ført fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus. 12Men då overprestane og dei eldste kom med skuldingane sine mot han, svara han ikkje. 13Då sa Pilatus til han: «Høyrer du ikkje alle vitnemåla mot deg?» 14Men Jesus svara han ikkje på noko av dette, så landshovdingen undra seg mykje. 15Kvar høgtid var landshovdingen van med å gje ein fange fri, den som folket ville ha. 16Den gongen hadde dei ein velkjend fange som vart kalla *Jesus• Barabbas. 17Pilatus spurde no folket som hadde samla seg: «Kven vil de at eg skal gje dykk fri, *Jesus• Barabbas eller den Jesus som blir kalla Messias?» 18For han visste at det var av misunning dei hadde gjeve Jesus over til han. 19Medan Pilatus sat i dommarsetet, sende kona hans bod til han og sa: «Ha ikkje noko med denne rettferdige mannen å gjera. Eg har drøymt så vondt i natt for hans skuld.» 20Men overprestane og dei eldste overtala folket til å krevja Barabbas frigjeven og Jesus drepen. 21Landshovdingen tok igjen til orde: «Kven av dei to vil de at eg skal gje dykk fri?» Dei svara: «Barabbas!» 22«Kva skal eg då gjera med Jesus, han som blir kalla Messias?» spurde Pilatus. Då svara dei alle: «Krossfest han!» 23«Kva vondt har han så gjort?» spurde han. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!» 24Då Pilatus såg at han ingen ting kunne gjera, men at ståket vart verre, tok han vatn, vaska hendene medan folket såg på, og sa: «Eg har inga skuld i blodet til denne mannen. Dette må de svara for.» 25Og alt folket svara: «Lat blodet hans koma over oss og borna våre.» 26Då gav han dei Barabbas fri, men lét Jesus piska og gav han over til krossfesting.

Les i nettbibelen

Gratis undervisningsmateriell for påske


Er du lærer i skolen? Vi sender deg undervisningsmateriell for skole, med lærerveiledning for påske på e-post helt gratis. Opplegget har kompetansemål knyttet i hovedsak til fagene KRLE og norsk.
Send e-post og motta PDF