Noahs ark

Gud hadde skapt ei god jord.
Men menneska fylte jorda med hat og vald.
Alt dei skulle passe på, øydela dei.

«Dette må ta slutt», sa Gud.
«Dei øydelegg den vakre jorda mi.
Eg vil utslette alt kjøt og blod
så verda kan begynne på nytt.»

Men Gud såg at Noah skilde seg ut,
at han var ein rettferdig mann.
Gud ville gjere ei pakt med Noah.
Han bad Noah om å byggje ein stor båt,
ei ark som kunne flyte på vatnet.

Gud sa: «Ein storflaum skal vaske alt bort.
Du og familien din skal gå inn i arka
saman med to dyr av kvart slag,
og de skal bli redda frå døden.»
Noah bygde arka og henta dyr,
ein hann og ei hoe av kvart slag.
Då arka var ferdig, gjekk alle inn,
og Gud lukka døra bak dei.

Det regna og regna i førti dagar.
Flaumen steig, og bølgjene braut,
men arka flaut trygt på vatnet.
Alt på jorda med livspust i nasen
døydde og blei borte for alltid.
Men inne i arka var det liv og pust,
mat og lyd og varme kroppar.

I hundre og femti dagar flaut dei,
til vatnet sokk og fjelltoppane kom fram.
Noah sende ut ein ramn som speidar
for å sjå om jorda var tørr nok.
Ramnen kom ikkje tilbake, så han sende ei due.
Ho fann ingen kvilestad og flaug tilbake til arka.
Etter sju dagar sende han henne ut igjen.
Då kom ho tilbake med eit oljeblad i nebbet.
Jorda spirte på nytt.

Sju dagar til, og så var tida inne.
Dua flaug sin veg, og arka stranda.
Døra blei opna, og dyra slapp ut.
«Ver fruktbare og bli mange!»
sa Gud til menneske og dyr.
På himmelen teikna han ein boge,
ein song av fargar, eit teikn på håp.

Gud sa: «Eg lovar dykk:
Aldri meir skal dette skje igjen!
Aldri meir skal jorda gå under i vatn!»

Les historia i Bibelen

9Dette er slektshistoria til Noah. Noah var ein rettferdig mann, ein heiderleg mann i si tid. Noah vandra med Gud. 10Han fekk tre søner: Sem, Ham og Jafet. 11Men jorda vart forderva for Guds andlet. Ho vart full av vald. 12Gud såg på jorda, og sjå, ho hadde vorte forderva, for alt det som menneska hadde gjort på jorda, førte til øydelegging. 13Då sa Gud til Noah: «Eg vil gjera ende på alt kjøt og blod. For jorda har vorte full av vald på grunn av dei, og sjå, eg vil øydeleggja dei saman med jorda. 14Lag deg ei ark av gofertre. Du skal laga fleire små rom i arka og tjørebre henne innvendig og utvendig. 15Slik skal du byggja arka: Ho skal vera 300 alner lang, 50 alner brei og 30 alner høg. 16Du skal laga ei opning for dagslyset og avslutta opninga ei alen frå toppen av arka. Du skal setja døra til arka på den eine sida og så laga eit nedre, eit andre og eit tredje dekk. 17No vil eg la storflaumen koma over jorda og utrydda alt kjøt og blod, alt som det er livsande i under himmelen. Alt som er på jorda, skal omkoma. 18Men med deg vil eg oppretta ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og svigerdøtrene med deg. 19Av alt levande, alt kjøt og blod, skal du føra to av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Hann og ho skal dei vera. 20Av alle slag fuglar og alt slag fe og alle slag kryp på marka skal to av kvart slag koma inn til deg, så dei kan berga livet. 21Du skal ta noko av alt som er etande, og samla det hos deg. Det skal du og dei andre ha å eta.» 22Og Noah gjorde dette. Han gjorde alt det som Gud hadde pålagt han. 1Herren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For du er den einaste eg i denne tid har sett som er rettferdig for meg. 2Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho saman, og av alle dyr som ikkje er reine, eitt par, hann og ho saman, 3og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, for å halda kvar art på heile jorda i live. 4For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og utrydda frå jorda alt som finst, alt eg har laga.» 5Og Noah gjorde alt som Herren hadde pålagt han. 6Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda. 7Så gjekk Noah inn i arka saman med sønene sine, kona og svigerdøtrene, for å koma unna vatnet frå storflaumen. 8Av dei reine dyra og av dei som ikkje var reine, av fuglane og av alt som kryp på marka, 9kom to og to inn til Noah i arka, hann og ho, slik Gud hadde pålagt Noah. 10Og etter sju dagar hende det. Då kom vatnet frå storflaumen over jorda. 11I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder i det store djupet fram, og himmelslusene opna seg. 12Og det regna over jorda i førti dagar og førti netter. 13Nett på denne dagen gjekk Noah og sønene Sem, Ham og Jafet inn i arka saman med kona til Noah og dei tre svigerdøtrene hans, 14både dei og alle slag ville dyr, alt slag fe, alle slag kryp som det kryr av på jorda, og alle slag fuglar, alt som har venger til å flyga med. 15Dei kom inn til Noah i arka, to og to av alt som er av kjøt og blod, alt som har livsande i seg. 16Dei som kom, hann og ho av alt som er av kjøt og blod, gjekk inn slik Gud hadde pålagt Noah. Og Herren lèt att etter han. 17Då kom storflaumen over jorda i førti dagar. Vatnet steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda. 18Vatnet fløymde og steig høgt over jorda, og arka dreiv omkring på vatnet. 19Veldig og mektig fløymde vatnet over jorda og gøymde alle høge fjell under himmelen. 20Femten alner steig vatnet over fjella, og fjella vart gøymde. 21Då omkom alt liv som det krydde av på jorda, både fugl og fe og ville dyr og alt myldrande kryp på jorda, og alle menneska. 22Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde. 23Han utsletta alt som fanst på jorda, frå folk til fe, kryp og fuglar under himmelen, alt vart utsletta frå jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att. 24Og vatnet fløymde over jorda i 150 dagar. 1Men Gud kom i hug Noah og alle villdyra og alt feet som var med han i arka. Gud lét ein vind blåsa over jorda, og vatnet tok til å siga. 2Kjeldene i djupet og slusene i himmelen vart stengde, regnet frå himmelen stansa, 3og vatnet drog seg bort frå jorda litt etter litt. Då 150 dagar var lidne, byrja vatnet å minka. 4Den syttande dagen i den sjuande månaden vart arka ståande på Ararat-fjella. 5Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den første dagen i den tiande månaden kom fjelltoppane til syne. 6Då førti dagar var lidne, opna Noah luka han hadde laga på arka, 7og sleppte ut ramnen. Han flaug att og fram til vatnet hadde tørka bort frå jorda. 8Så sende han ut dua for å sjå om det hadde vorte mindre vatn på jordoverflata. 9Men dua fann ingen stad der ho kunne kvila foten sin, og vende attende til han i arka, for det stod vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne inn til seg i arka. 10Han venta sju dagar til og sende så dua ut att frå arka. 11Då det leid mot kveld, kom dua til han. Og sjå, ho hadde eit grønt oljeblad i nebbet. Då skjøna Noah at det hadde vorte mindre vatn på jorda. 12Og han venta endå sju dagar. Så sende han ut dua, og då kom ho ikkje att til han meir. 13I det året Noah fylte 601 år, den første dagen i den første månaden, hadde vatnet tørka bort frå jorda. Då tok Noah taket av arka og såg ut. Og sjå, jordoverflata hadde tørka opp. 14Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var jorda tørr. 15Og Gud tala til Noah: 16«Gå ut av arka, du og kona di og sønene dine og svigerdøtrene dine med deg! 17Alle dyra som er hos deg, alt som lever, både fugl og fe og alt kryp som det kryr av på jorda, skal du ta med deg. Det skal myldra av dei på jorda, og dei skal vera fruktbare og bli mange.» 18Så gjekk Noah ut saman med sønene sine og kona si og svigerdøtrene sine. 19Og alle ville dyr og alt fe og alle fuglar og alt kryp som det kryr av på jorda, art etter art, gjekk ut av arka. 20Noah bygde eit altar for Herren, og han tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret. 21Og Herren kjende den gode angen. Då sa Herren i sitt hjarte: «Eg vil aldri meir forbanna jorda for mennesket skuld, sjølv om menneskehjartet vil det vonde frå ungdomen av. Aldri meir vil eg drepa alt som lever, slik eg no har gjort. 22Så lenge jorda står, skal såtid og innhausting, kulde og hete, sommar og vinter, dag og natt aldri ta slutt.»

Les i nettbibelen