Saul og David

Israels folk budde i Kanaan,
og leiarane deira blei kalla dommarar.
Folka omkring dei hadde kongar.

«Vi vil òg ha ein konge», sa folket,
«ein sterk konge som kan ri først i krigen
og sigre over fiendane våre.»
«Tenk dykk om», sa dommaren Samuel,
som var den kloke leiaren til folket.
«Ein konge vil bestemme over dykk,
ikkje berre leie dykk.
Dersom de får ein konge,
er de ikkje lenger dykkar eigne herrar.»
Men folket høyrde ikkje på åtvaringa.

Gud bad Samuel ta med seg salvingskrukka.
Samuel gjekk ut og fekk auge på unge, flotte Saul.
Han var eit hovud høgare enn alle andre,
og Gud sa: «Det er han.»
Samuel helte olje over hovudet til Saul,
kyssa han og sa: «Gud er med deg!»

Slik blei Saul konge og styrte folket.
Han rei først i krigen og vann.
Alt såg lyst ut, men tankane til Saul var mørke.
Han tvilte på om Gud var med han,
og han slutta å følgje råda frå Gud.
Han forlét Gud, og Guds velsigning forlét han.

Då bad Gud Samuel om å salve ein annan.
Samuel gjekk til ein mann i Betlehem
som heitte Isai og hadde sju søner.
Samuel såg at den eine sonen var flottare
enn den andre,
og han tenkte at Gud valde nok den finaste.
Men ingen av dei var den rette.
«Gå ikkje etter utsjånaden», sa Gud.
«Eg ser på hjartet – kven han eigentleg er.»

«Har du ingen fleire søner?»
sa Samuel til far Isai.
«Jau, yngstemann David er ute og gjeter»,
svarte faren og henta ungguten.
David var raudkinna, med vakre auge,
og Gud sa: «Han er den utvalde.»

Samuel opna salvingskrukka
og helte oljen over hovudet til David.
Samuel velsigna han og sa:
«Du skal bli Israels neste konge.
Gå med Gud.»
Då song David av heile hjartet,
og Gud var med han.

David heldt fram med å gjete.
Han song for sauene.
Han spelte så vakkert på harpa
at folk tenkte: «Han burde spele for kongen!»

Dei tok David med til den urolege kong Saul.
David song så dei mørke tankane
til kong Saul lysna.
Han spelte på harpa så uroa forsvann.
Men berre for ei lita stund,
for kong Saul såg at folket elska David,
og då kom dei mørke tankane tilbake.

Ein gong David song, tok kong Saul eit spyd
og kasta det for å spidde David til veggen,
men David bøygde seg unna.
Eit nytt spyd suste mot han, men trefte ikkje.
David fór ut og flykta frå slottet.
I ti år var han på flukt frå kong Saul.

Kong Saul ville fange han, men David slapp unna.
Gong på gong kunne David ha drepe kong Saul,
men i staden lét han kongen gå fri.
Og den dagen kong Saul døydde i krig, gret David.

Så tok han harpa og song.
No var David konge over Israel.

Les historia i Bibelen

1Herren sa til Samuel: «Kor lenge vil du sørgja over Saul? Eg har vraka han som konge over Israel. Fyll hornet ditt med olje og gå! Eg sender deg til Isai i Betlehem, for eg har sett meg ut ein av sønene hans til konge.» 2Samuel svara: «Korleis kan eg fara dit? Får Saul høyra det, drep han meg.» Då sa Herren: «Ta med deg ei kvige og sei at du kjem og vil ofra til Herren. 3Bed så Isai til ofringa! Sidan lèt eg deg vita kva du så skal gjera. Du skal salva for meg han eg viser deg.» 4Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Kjem du i fredeleg ærend?» 5Han svara: «Ja, eg er komen for å ofra til Herren. Gjer dykk reine og heilage og ver med meg til ofringa.» Så helga han Isai og sønene hans og bad inn til høgtida. 6Då dei så kom og han fekk sjå Eliab, sa han til seg sjølv: «Her, framfor Herren, står no hans salva.» 7Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren, for eg har vraka han. Her gjeld ikkje det som menneske ser. For menneska ser det som auga ser, men Herren ser på hjartet.» 8Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10Slik lét Isai dei sju sønene gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: « Herren har ikkje valt ut nokon av desse.» 11Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Han er ute og gjeter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi set oss ikkje til bords før han kjem.» 12Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt, hadde vakre auge og var vakker å sjå til. Herren sa: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13Då tok Samuel hornet med olje og salva han midt mellom brørne hans. Frå den dagen kom Herrens ande over David og var med han sidan. Så braut Samuel opp og drog heim att til Rama. 14Herrens ande forlét Saul, og ei vond ånd frå Herren skremde han. 15Då sa Sauls menn til han: «Vi ser at ei vond ånd frå Gud skremmer deg. 16Sei berre frå, herre, så skal tenarane dine som står her framfor deg, leita opp ein mann som kan spela på harpe. Når ei vond ånd frå Gud kjem over deg, skal han spela på harpa. Det vil gje deg lindring.» 17Saul svara: «Ja, finn meg ein mann som er god til å spela, og før han hit til meg!» 18Ein av dei unge mennene sa: «Eg har sett ein son til Isai frå Betlehem som kan spela. Han er ein modig og djerv krigar; han snakkar forstandig og er ein vakker mann. Og Herren er med han.» 19Så sende Saul bod til Isai og sa: «Send hit til meg David, son din, han som gjeter småfeet!» 20Då tok Isai eit esel, leste det med brød, ein skinnsekk med vin og eit kje og sende det med David, son sin, til Saul. 21Slik kom David til Saul og gav seg i teneste hos han. Saul vart svært glad i han og gjorde han til våpenberaren sin. 22Han sende bod til Isai og sa: «Lat David få vera i teneste hos meg, for eg synest godt om han.» 23Når så ei vond ånd frå Gud kom over Saul, tok David fram harpa si og spela på henne, og Saul fekk lindring. Det vart betre med han, og den vonde ånda forlét han.

Les i nettbibelen